Et ikkje nok laks til å bli sjuke

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ifølgje Mattilsynet kan kvar nordmann i gjennomsnitt ete seks gongar så mykje laks som i dag, utan å overskride faregrensa for miljøgifta dioksin.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto:proppersource.com)(Foto:proppersource.com)

Oslo (NTB): Først om du et i overkant av tre laksemåltid i veka året rundt vil du nærme deg taket for hvor mykje dioksin EUs og Noregs styresmakter meiner er forsvarleg. Eit slikt forbruk tilsvarar 648 gram laks i veka, skriv Bergens Tidende.

Nordmenn et i gjennomsnitt 462 gram fisk per veke, men dioksin samlar seg først og fremst i feitt. Derfor er det forbruket av feit fisk som tel, ikkje mager fisk som torsk og sei.

Tala fra Eksportutvalget for fisk viser at berre cirka 100 gram av det vekentlege fiskeforbruket skriv seg frå dei tre feitaste fiskeslaga; oppdrettslaks, sild og makrell. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving