Næringslivet vil sjarmere ungdommen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei kallar det «Teknologiløftet i Sogn og Fjordane».

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Handlekraftige menn med redningsaksjon for teknologifaga i Sogn og Fjordane, frå venstre dekan Tarald Seldal ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, dagleg leiar for Bedriftsnettverket Helge-Robert Midtbø og styreleiar Atle Hamar studerer brosjyren som skal få ungdom til å skjøne at det er dei smarte og framtidsretta som vel akva og elektro. (Foto: Oddrun Midtbø, frilans, NPK)Handlekraftige menn med redningsaksjon for teknologifaga i Sogn og Fjordane, frå venstre dekan Tarald Seldal ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, dagleg leiar for Bedriftsnettverket Helge-Robert Midtbø og styreleiar Atle Hamar studerer brosjyren som skal få ungdom til å skjøne at det er dei smarte og framtidsretta som vel akva og elektro. (Foto: Oddrun Midtbø, frilans, NPK)

(NPK): Det handlar om eit unikt samarbeid mellom næringsliv, fou-miljø og det offentlege, der målet er å redde studieretningar som næringslivet er avhengige av. Den avgjerande gruppa, ungdom på utdanningssøk, er sjølve nøkkelen om satsinga blir ein suksess.

Målet er å få ungdom til å forstå kor ettertrakta og viktige dei er for næringa - og ikkje minst, kor framtidsretta det er å satse på desse studiane, seier dekan ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Tarald Seldal.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Nedleggingstruga


Fleire gonger har alarmen gått for dei to nedleggingstruga studieretningane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane; ingeniørfag elektro i Førde og akvakultur i Sogndal.

Naturleg nok har denne uvissa ført til skepsis frå ungdom og foreldre, noko som syner att i låge søkjartal. Dermed forsterkar det uvissa om studieretningane har ei framtid.

Næringslivet i fylket veit betre, dei har bruk for menneske med oppdatert kunnskap. Dei har sett seg leie på vinglinga som svekkjer rekrutteringa og det tidlegare gode ryktet. Dei tek no affære i form av etablering av eit handlekraftig nettverk som samarbeidar tett med Høgskulen, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dei komande åra skal meir enn ti millionar kroner nyttast for å sikre tilgangen på høgt kvalifiserte arbeidskraft til viktige næringar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Bedriftsnettverket

Til no er meir enn 70 bedrifter innafor industri, produksjon og marine næringar med i det forpliktande Bedriftsnettverket i Sogn og Fjordane. Dei vil få opp søkjartalet ved å lokke med gode ordningar under og etter studietida og garanterer langt på veg jobb etter enda utdanning.

Dei har lagt over fire millionar kroner på bordet for at studieretningane skal halde fram. Høgskulen har teke positivt i mot dette engasjementet og har oppretta tettare samarbeid med andre høgskular på Vestlandet og universitetet i Bergen. Dermed opnar det opp for fleksible løysingar for dei som ønskjer å studere vidare eller ta deler av studiet ved andre skular - i inn- og utland.

Avgjerande for næringslivet

- Denne satsinga er avgjerande for næringslivet og vi går ei spennande tid i møte, seier dagleg leiar av nettverket, Helge-Robert Midtbø.

Han ramsar opp ulike ordningar Teknologiløftet byr på; fadderbedrift, studentbedrift i nært samarbeid med NHO og Kunnskapsparken, traineestillingar, ulike modular for vidareutdanning for dei som alt er hamna i arbeidslivet og knyte kontaktar mellom fou-miljø og næringslivet.

- Næringa må bli langt flinkare til å fortelje kva mulegheiter og utfordringar som løyner seg bak studiane akvakultur og elektrofag, seier dekan Tarald Seldal.

Mennene bak Bedriftsnettverket boblar av idear om kva som kan gjerast for å få ungdom til å velje seg ei framtid innafor spennande næringar i sterk vekst eller også få bedrifter til å skjøne at det kan løne seg å få tilsette inn på skulebenken for kortare periodar. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving