Pengar i salt

Saltfisk og klippfisk kan bli mykje meir verdifull ved å bruke salt med kalsium.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: reuber-norwegen.de)(Foto: reuber-norwegen.de)

(NPK): Med rett mengde kalsium aukar vekta på fisken. Saltfisken vert i tillegg kvitare.

Tidlegare hadde havsaltet som vart nytta i saltfiskproduksjonen eit høgt nivå av kalsium. I dag er det derimot krav om at saltet må vaskast, og då forsvinn mykje av det kalsiumet som naturleg finst i havsalt.

Ein har trudd at kalsium i salt har hatt innverknad på vekt og farge på fisken. Men dette har ikkje vore dokumentert. No har Fiskeriforskning i Tromsø testa ulike typar mengder av ein bestemt type kalsium i saltet for å finne det optimale nivået ved salting av torsk.

Med rett mengde kalsium aukar vekta på saltfisken med tre prosent. For industrien, som produserer store mengder saltfisk og klippfisk, kan resultata derfor gi mange millionar i auka verdi.

Forsøka er også vidareført ved at saltfisken er tørka til klippfisk. Også som klippfisk vert det oppnådd tre prosent høgare vekt når det vert tilsett kalsium.

I 2004 vart det eksportert nesten 60.000 tonn salt- og klippfisk av torsk, verdt 2,5 milliardar kroner.

Kalsiumtilsetjing fører ikkje til at klippfisken vert særleg lysare, men mengda av salt har innverknad på fargen. Ved å doble mengda frå ein til to kilo salt per kilo fisk fekk fiskekjøtet ein kvitare farge.

Prosjektet hos Fiskeriforskning er finansiert av saltprodusenten GC Rieber Salt, Fiskeri- og havbruksnæringens forskingsfond og Innovasjon Norge. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Personvernpolicy