- Unngå frosne røyr og vasskade

Artikkelen fortsetter under annonsen

Omkring 60.000 norske bustader og hytter får vasskadar i år. Årsaka er i mange tilfelle lekkasje i vassrøyr på grunn av frostsprenging.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK):
Når vatnet frys til is aukar volumet med 10 prosent, og det blir mindre plass i vassrøyra. Trykket blir så stort at røyra sprekk til slutt.

Vannskadekontoret hos SINTEF Byggforsk opplyser at det er viktig å halde høg nok temperatur i avstengde rom, som kjellar- og loftsrom.

I kjellaren bør det minst vera tre grader pluss. Alle utvendige kraner bør strengast av, og vatnet i utvendige røyr tømmast ut.

- Unngå kald trekk rundt røyra og lat att vindauge og ventilar i kjellaren. Kald trekk frå lufteventilar, vindauge eller utette vegger kan føre til at det frys i eit røyr, sjølv om rommet er varmt nok i seg sjølv, heiter det frå Vannskadekontoret hos SINTEF Byggforsk, som har utarbeidd ein brosjyre om korleis ein kan unngå slike frostskadar i hus og hytte. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving