Gulrota framleis på grønsaktoppen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjølv om forbrukarane møter eit lite variert tilbod av gulrot og kålrot i daglegvarehandelen, sørgjer vanar og sosiale og kulturelle normer for at desse «gode, gamle» rotsortane er dei viktigaste grøn

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Ill: coloringbookfun.com)(Ill: coloringbookfun.com)

(NPK): Det meiner forskarane Gunnar Vittersø ved Statens institutt for forbruksforskning (Sifo) og Steinar Dragland ved Bioforsk.

Dei to har presentert ein rapport som ikkje har eintydige konklusjonar, men stadfestar at forbrukarane er opptekne av kvalitet og mangfald. Kvaliteten er god, særleg om hausten, men dårlegare utover vinteren og våren.

Forskarane har undersøkt dei sosiale og kulturelle rammene for bruk av mat, og opplyser at deltakarane opplevde at utvalet av gulrot og kålrot var for snevert i daglegvarehandelen.

Matforbruk er i stor grad er styrt av vanar og sosiale konvensjonar, og det er ein sterk norm at grønsaker høyrer med til ein «skikkeleg middag».

Sunn mat med høg næringsverdi blir nemnt som to viktige grunnar for å eta kålrot og gulrot. Gulrot er den mest populære grønsaka, og mange seier at gulrot nærast er ein del av standardsortimentet.

Gulrota kan brukast til kvardags og fest, og går dermed inn i ein vanemessig og ureflektert del av det norske kosthaldet. Forbrukarar i ulik alder og av begge kjønn var representerte i undersøkinga. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving