Chess får dagmulkt for mangelfull informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Post- og teletilsynet (PT) pålegg i eit varsel om vedtak mobilselskapet Chess ei dagmulkt på 30.000 kroner for mangelfull informasjon i samband med overføring av kundar frå Telenors til NetComs nett.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: arboraglobal.com)(Foto: arboraglobal.com)

Oslo (NTB): PT pålegg Chess å gi mobilkundane tilstrekkeleg informasjon om betydninga av at dei blir overførte frå Telenors til NetComs nett, samt kva rettar kundane har i samband med overføringa.

PT pålegg Chess ei dagmulkt på 30.000 kroner frå klagefristen går ut 21. februar til pålegget blir oppfylt.

Overføring av kundar har allereie starta, opplyser PT. Bakgrunnen er TeliaSonera sitt oppkjøp av Vollvik Gruppen, med Chess/Sense, og at Telenor i november i fjor sa opp tenesteleverandøravtalen med Chess og Sense. Avtalen blei sagt opp med verknad frå 18. januar.

PT opplyser i eit brev til Chess at kundane skal bli varsla med éin månads frist. PT legg til grunn at kundane har motteke 14 dagars varsel, og at informasjonen frå Chess gir svært mangelfulle opplysingar. Mange av kundane oppfattar dessutan ikkje at dei faktisk blir overflytta frå Telenors til NetComs mobilnett.

Varselet om vedtak inneber at Chess må informere om korleis kundar som ønskjer å bli i Telenor sitt nett, skal forholde seg når avtalen mellom Chess og Telenor no er sagt opp. Chess må samstundes gjere kundane merksame på at dei vederlagsfritt kan heve abonnementsavtalen, og at dette også gjeld dei som allereie er blitt overflytta. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving