Innskrenka privatimport av kjøt

Ei ny forskrift frå Mattilsynet forbyr, med nokre unnatak, privat import av kjøt, kjøtprodukt, mjølk og mjølkeprodukt frå land utanfor EØS.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: meatamanda.illnourished.com)(Foto: meatamanda.illnourished.com)

(NPK): Restriksjonane er innført med tanke på dyrehelse.

Forbodet gjeld import til eige bruk av produkt som inneheld kjøt og/eller mjølk.

Unnataka er mjølkepulver for spedbarn, barnemat og særlege næringsmiddel som er naudsynte av medisinske grunnar.

Det er lov å importere inntil fem kilo kjøt, kjøtprodukt, mjølk og mjølkeprodukt frå Færøyane, Grønland, Island, Liechtenstein og Sveits fordi desse landa har nær tilknyting til EØS-området, og inntil fem kilo viltkjøt og produkt av viltkjøt frå Svalbard til Noreg. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Personvernpolicy