Kvinner trivst blant menn i IKT-bransjen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei ny undersøking blant 350 medlemsbedrifter i IKT-Norge syner at kvinner trivst med å jobbe i denne bransjen med eit stort fleirtal av menn.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: honcho-sfx.com)(Foto: honcho-sfx.com)

(NPK): Tala er oppløftande med tanke på ei tilsvarande britisk undersøking som synte at kvinner mistrivst sterkt i bransjen.

Eit av dei mest positive funna i undersøkinga er at kvinner opplever at dei har betre moglegheiter for karriere enn menn, men dei opplever ikkje arbeidsplassen like sikker og trygg som det mennene gjer.

- Vi er svært nøgde med resultata frå undersøkinga. Sjølvsagt er vi klar over at det er ting å setja fingeren på, men alt i alt er resultata veldig bra, seier Kristine Næss.

Ho er partnar i Partner Development Group Manager i Microsoft Noreg - ein av initiativtakarane til undersøkinga.

Kvinnene er i fåtal i denne bransjen, men Næss meiner at dei positive resultata tyder på at den låge kvinneandelen i bransjen og IKT-studium ikkje kjem av mistrivsel.

- No må vi synleggjera dei moglegheitene som finst for kvinner som ønskjer å jobbe i IKT-bransjen. Det er mogleg at den låge kvinneandelen kjem av mangel på innsikt i dei mange moglegheitene, utfordringane og den store variasjonen i arbeidsoppgåver. No ønskjer vi å vise at kvinner trivst i IKT-bransjen, seier Næss. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving