Tulipanar likar ikkje farris

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vi blømer vi og, viss vi får godt stell og mykje omtanke. Tulipanane blømer i alt frå ein dag til fleire veker.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Friske og glade tulipanar er det alltid kjekt å kome heim til.(Foto: hallmark.online.com)Friske og glade tulipanar er det alltid kjekt å kome heim til.(Foto: hallmark.online.com)

Du har sikkert opplevd det du og: Gleda med å pakke ut ein tulipanbukett ein kald vinterdag: Så fine fargar, det ser mest ut som du har fått våren inn i stova!

Men så blir du så skuffa når tulipanane heng med hovudet og mistar blad etter blad etter berre nokre dagar.

- Er det meg
, tenkjer du kanskje.

- Likar dei seg ikkje her hos meg?

Tender, loving care


Det er i alle fall enkle ting du kan gjere for at tulipanane skal kjenne seg blide og fornøgde og stå i frisk flor i dagevis. Berit Ørpetveit på Plantasjen i Haugesund har gode råd:

- Snitt helst stilken med ein gang du kjem heim, og snitt han rett over, ikkje på skrå.

- Fyll vasen med halvlunka vatn, sånn ca 3 cm opp i vasen. Hald vatnet på det nivået heile tida, viss du greier det.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Slik skal det i alle fall ikkje sjå ut. Ansvarshavande for desse burde hatt sparken. (Foto: Toyni Tobekk)Slik skal det i alle fall ikkje sjå ut. Ansvarshavande for desse burde hatt sparken. (Foto: Toyni Tobekk)

- La tulipanane stå i det plastomslaget dei kjem i - i vasen - om lag ein time før du tar det av.

- Set tulipanane i eit kaldt rom om natta og medan du er på jobb.

Ikkje bobler


Så enkelt, og så vanskeleg å etterleve.

- Sitronbrus og farris, då, spør eg.
- Det meiner folk at eg skal bruke.

Men nei, det meiner Berit på Plantasjen at vi ikkje skal gjere.

- Drikk heller brusen sjølv, er hennar råd.



ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving