Hurtigrute for polare strøk

Det nye Hurtigruteskipet til OVDS skal heite MS Fram etter den kjende polarskuta til Fridtjof Nansen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Ill: ovds.no)(Ill: ovds.no)

(NPK): Skipet vert litt mindre enn dei andre Hurtigrutene som seglar langs kysten vår. Skipet er spesialtilpassa for siglas i polare strøk.

Om sommaren skal MS Fram gå cruise-trafikk ved Grønland, medan om vinteren er det tradisjonell rutetrafikk langs norskekysten.

MS Fram vert 113 meter lang, 20 meter brei og får åtte dekk. Det vil bli 134 lugarar med høg standard, 310 senger og ein total passasjerkapasitet på 500 personar.

Det italienske verftet Fincantieri i Trieste byggjer skipet, og skal vere ferdig i april 2007. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy