Lanserer hydrogenboks for gamle bilar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein enkel liten spesialkonstruert boks med vatn er alt som skal til for å få gamle køyretøy til å bli meir miljøvenlege hydrogenbilar, etter det den canadiske avisa Nunatsiaq News skriv.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: landbrukssenter.no)(Foto: landbrukssenter.no)

(NPK): Det er selskapet Innovative Hydrogen Solution (IHS) i Winnipeg i Canada som har utvikla innretninga dei kallar H₂ N-G-en, som kan omskape gamle bensindrivne bilar til moderne hybridbilar.

H₂ N-G-en brukar kort og godt elektrolyse til å framstille hydrogen og oksygen som så blir blanda med bensin før innsprøytinga i sylindrane.

Sidan hydrogen er meir eksplosivt enn fossilt drivstoff, tenner blandinga høgt oppe i sylinderen i staden for i midten, noko som gjev ei meir effektiv forbrenning av drivstoffet.

IHS planlegg å lansere miljøboksen på marknaden i løpet av 2006, og innretninga er venta å koste om lag 6500 kroner. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving