Gratis ferjer kan gje milliardgevinst

Artikkelen fortsetter under annonsen

Folk og næringsliv langs kysten kan få ein årleg vinst på 1,7 milliardar kroner dersom ferjene blir gratis, viser ein analyse som er gjort ved Handelshøgskolen i Bodø.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: nernett.hivolda.no)(Foto: nernett.hivolda.no)

(NPK): Folk og næringsliv langs kysten kan få ein årleg vinst på 1,7 milliardar kroner dersom ferjene blir gratis, viser ein analyse som er gjort ved Handelshøgskolen i Bodø. Rekninga blir på 500 millionar kroner.

Professor Finn Jørgensen og forskingsleiar Gisle Solvoll ved høgskolen står bak undersøkinga i samarbeid med Morten Welde i Vegdirektoratet.

- Ferjene må sjåast som ein del av vegnettet. Dei fleste vegane er gratis å bruke, og det er ein forlokkande tanke at også ferjene skal vera gratis. Då kan det vera greitt å vita noko om prisen, seier Jørgensen til avisa Nordland.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete vurderer å setja i gang eit prøveprosjekt med gratis ferjer. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving