Ormen Lange treng arbeidskraft

2006 er toppåret for Ormen Lange-utbygginga.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Ill: aetat.no)(Ill: aetat.no)

(NPK): Mellom 2.500 og 3.000 personar skal vera med å byggje landanlegget på Nyhamna i Aukra. Men det er mangel på arbeidskraft.

Alt no er det om lag 1.200 tilsette ved anlegget. I tida som kjem må ein ha tak i dyktige folk på mange område.

Særleg er det etterspurnad etter folk innan desse yrka: stillasmontørar, overflatebehandlarar, riggarar, brannisolatørar, sveisarar, industrimekanikarar og industrirøyrleggjarar.

- Det er viktig at ein ser utover sine eigne fylkesgrenser når ein skal sjå etter ny arbeidsplass. Å vera mobil i høve til arbeidsstaden sin blir meir og meir viktig, seier assisterande arbeidsdirektør Terje Tønnessen i ei pressemelding. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy