Kvir seg for å hengje opp flatskjermen

Ein flatskjerm-tv veg 40-50 kilo. Då er det ein fordel at den vert hengt opp rett.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: allgames.com)(Foto: allgames.com)

(NPK:) Slike fjernsynsapparat sparar plass i stova, først og fremst fordi dei er mindre enn vanlege kasse-tv, men også fordi dei kan hengjast opp på veggen.

- Halvparten av dei som kjøper flat-tv ønskjer å hengje den opp på veggen, men dei færraste gjer det. Det er nok mange som ikkje vågar å hengje opp eit tungt fjernsynsapparat, fortel lyd- og biletsjef Alf Leifseth i Expert til Newswire.

Ein annan grunn er at det berre er fot som følgjer med tv-en, veggfestet må kjøpast separat. Derfor endar dei fleste flatskjermane på fot på golvet.

Men det finst fleire ulike brakettar til veggmontering. Syt føre at du finn ein som passar for ditt fjernsyn. Du må vite at tv-en har god bering i veggen.

Og hugs på at det kan vere direkte utrygt å hengje ein plasma-tv på gipsvegg. Då må du vere sikker på at du treff bjelkelaget. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy