Auke i skjeleksporten

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er auke i eksportverdien for både blåskjel og kamskjel samanlikna med fjoråret.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: FruMar as)(Foto: FruMar as)

(NPK): Blåskjel aukar mest, opplyser IntraFish.

I november vart det eksportert 102 tonn blåskjel til ein verdi på 587.000 kroner. Dermed er årets eksport kome opp i 2.742 tonn, til ein verdi på 17,1 millionar kroner.

Det er ein auke på 2,7 millionar kroner i høve til fjorårets 11 første månader, då det gjekk ut 3.311 tonn blåskjel til ein verdi på 14,3 millionar kroner.

Også eksporten av kamskjel aukar samanlikna med fjoråret, både når det gjeld kvantum og verdi.

I november er det eksportert 67 tonn til ein verdi på 2,5 millionar kroner frå Noreg. Dermed er det til no i år eksportert 543 tonn til ein verdi på 19 millionar kroner. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving