Stor brannfare i julemånaden

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det skal visstnok finnast 200.000 norske heimar som manglar tilstrekkeleg varsling i tilfelle brann.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Av Inger Robøle Kristiansen, Nynorsk Pressekontor

Det er i julemånden norske heimar er mest utsette for brann. Den 1. desember er det dermed på tide å sjekke brannalarmen. (Foto: Norsk brannvernforening, NPK)Det er i julemånden norske heimar er mest utsette for brann. Den 1. desember er det dermed på tide å sjekke brannalarmen. (Foto: Norsk brannvernforening, NPK)

Det er det viktig å gjera noko med, spesielt i desember, ettersom det er i den mørke julemånaden at det brenn mest bustader i Noreg.

Og det er årsaka til at Direktoratet for sumfunnssikkerhet og beredskap, Norsk brannvernforeining og Gjensidige dreg i gang Aksjon bustadbrann den 1. desember for å få folk til å montere røykvarslarar, eller sjekke den dei har og eventuelt skifte batteri.

40.000 heimar får tilbod om ein gratis og uforpliktande sjekk av brann- og el-sikring frå 6. til 8. desember

Ein i kvar etasje

Alle bustader skal ha minst ein godkjent røykvarslar i kvar etasje. Eigaren av bustaden har ansvaret for å skaffe og montere varslarar, men den som brukar bustaden har ansvaret for vedlikehald og byte av batteri.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Varslarane bør koplast saman slik at dei varslar samtidig. Det finst eigne varslarar for det, og dei er enkle å kople saman.

Det er særleg viktig å kople røykvarslarar slik at dei raskt reagerer på røykutvikling. Dei skal monterast på det høgste punktet og minimum 50 sentimeter frå vegg.

I hus med fleire etasjar bør dei monterast i nærleiken av trappene, og dei bør monterast i rømmingsvegane og slik at dei kan høyrast frå alle soverom med dørene lukka.

Ti liv spara

Røykvarslarane bør testast minst ein gong i månaden og kvar gong ein har vore bortreist over lenger tid. Ein reknar at ti liv blir spara årleg på grunn av røykvarslarar.

Når brannrisikoen er størst i desember er det fordi folk held seg meir innandørs og skruvar på meir varme og meir lys, tender levande lys og fyrar i omnen og peisen. Då er det grunn til å passe på. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Miljø
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving