Krøllepille på trappene

Artikkelen fortsetter under annonsen

Synest du du keisamt hår? Bruker du mykje pengar på å sjå finare ut? Hjelpa er undervegs!

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: oestrogen.dk)(Foto: oestrogen.dk)

I følgje svenske Aftonbladet kan du snart gløyme papiljottane, krølltanga, og alt det andre du pleier å bruke for å pynte deg med krøllete hår.

Ta ei pille


I staden kan du kanskje erstatte alle desse greiene med ei enkelt pille!

Franske forskarar har funne ut kva som eigentleg er skilnaden mellom slett og krøllete hår.

Annleis hårrot


Hos dei med krøller er hårrota annleis. Hårrota hos krølltoppane har ein liten krøll på seg, og då fortset håret å vere krøllete mens det veks utover.

Forskarane reknar med, framleis i følgje Aftonbladet, at dette funnet kan leie til framstilling av nye hårprodukt, og etterkvart ein krøllepille. Altså ein pille for å få krøller.


Ingen antikrøll


Men kva med dei som har uønskte krøller, og gjerne hadde ønskt seg ei antikrøllpille? Antikrøllpiller seier Aftonbladet ingenting om, desverre.

Meir i Neste Klikk:

Neste Klikk på bokmål om:

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving