Strikk deg ein presang
(Fine tøflar, moteriktige er dei og. Foto: strikkedilla.weblogg.no)
I dag er det 38 dagar igjen til jul, og ein må så smått byrje å tenkje på kva ein skal gje til kjente og kjære i år.
Eg skal ikkje skryte på meg at eg har dei beste husmorevnene, men i år har eg bestemt meg for strikke julepresangane.
Denne aktiviteten kan eg anbefala til andre og. Ein treng ikkje vere meister for å klare å strikke enkle julegåver.
I løpet av livet mitt har eg strikka ein halv sokk (fram til den berømmelege helen), ein halv vest til bamsen min, eit ujamt, holete skjerf og, i mi glanstid med mykje hjelp, ei kvart barnekofte.
Lappetøflar
Men tross mine mislykka prosjekt, og mindre gode strikkeevner, så har eg funne ei oppskrift som sjølv eg kan klare, og som går fort.
Slik gjer du. Sjå teksten.
Tova lappetøflar er tingen. Det einaste du treng er
• to strikkepinnar, nr 4
• finullgarn
• ei nål
• litt grønsåpe
• ein vaskemaskin
Legg opp 22 masker.
Strikk (rett) 21 riller.
Strikk 6 slike firkantar etter kvarandre i ei og same remse
Plukk opp 22 masker langs kanten av den første firkanten, og strikk to kvadrat der også.
Strikk to slike remser som vist på biletet , og sy dei saman til tøflar.
1= tupp
7= såle
6 og 8 = flippane som går oppover leggen
Regnboge i allslags vêr
Når du har lappa tøflane saman, er det berre å hive dei i vaskemaskina med ca ei spiseskei grønsåpe på 60 grader.
Du kan godt ha forskjellige fargar på lappane, det er berre fint å tusle rundt med ein liten regnboge på føtene.
Skodespelarar strikkar også
For dei som hintar frampå at strikking er gammaldags og ut, kan eg opplyse om at til og med skodespelarar strikkar.
I Expressen las eg med stor glede at Sara Sommerfeld strikkar kjærleikshue til sin utkåra, Nicklas Norrby. Og hua blir ikkje liggjande i ein skuff.
Nei, stolte som hanar kler dei seg opp i nystrikka, varme huer når dei skal på premiere. Ein skal sjå dei har laga ein ny trend, og at strikking blir in.
Då tenkjer eg venene våre blir glade, når dei får noko moteriktig og trendy under juletreet.