Veit for lite om EØS

Artikkelen fortsetter under annonsen

Norske bedrifter veit for lite om EØS-avtalen. Dermed klarar ikkje bedriftene å utnytte dei moglegheitene dei eigentleg har.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: eic.no)(Foto: eic.no)

Av Kari Hamre, Nynorsk Pressekontor

Det viser ei gransking frå Euro Info Centre (EIC) og Innovasjon Norge.

EIC har med støtte frå Nærings- og handelsdepartementet kartlagt erfaringar som norske bedrifter har med EUs indre marknad etter ti år med EØS-avtalen.

-Avtalen er positiv for norske bedrifter, men det finst store utfordringar. EØS-avtalen gjer eksport til EU enklare, men bedriftene møter også problem, først og fremst fordi avtalen er lite kjent i EU-landa, seier leiar for EIC i Innovasjon Norge, Per Niederbach.

Unødvendige krav

Eit fleirtal av bedriftene seier at dei tilpassar produkta sine til dei ulike marknadene i EØS fordi kundane krev det. Samtidig har også mange bedrifter møtt på spesielle krav om godkjenning, testing og så vidare frå nasjonale styresmakter. Grunngjevinga er gjerne helse, miljø og tryggleik.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ofte kjem slike krav i tilknyting til produkt som er omfatta av eit felles regelverk, slik som CE-merking. Tendensen er at bedriftene då vel å tilpasse seg - utan å setje spørsmålsteikn ved om krava er lovlege.

Dermed får bedriftene ekstra kostnader og det tek ekstra tid å få godkjent produkta. I røyndommen er det ikkje nødvendig for dei norske bedriftene å gjere tilpassingar.

Dei landa som særleg ofte stiller spesielle krav er Tyskland, Storbritannia og Frankrike, i tillegg til Sverige og Danmark.

Store mest positive

Ein annan konklusjon i rapporten er at dei store bedriftene og dei som eksporterer mykje til EU er meir positive til EØS-avtalen enn andre bedrifter.

Granskinga viser at mange bedrifter enno ikkje har hatt erfaringar med dei landa som vart medlem i EU i 2004. Men blant dei som har hatt kontakt med dei nye landa er haldningane klart positive.

Dei nye medlemslanda vert karakteriserte som positive og ivrige etter å samarbeide med norske bedrifter. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Nett og teknologi
Nyhende
Næringsliv
Reise og oppleving