Åpen for alle - alltid

Pigg eller ikkje pigg? No eller no?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Frå tysdag denne veka har du anledning til å køyre med piggdekk eller kjettingar i Sør-Noreg. Framleis er det varmegrader over heile landet, men det kan fort snu og skape kaos i kvardagen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Best å finne fram desse snart? (Foto:gibud.no)Best å finne fram desse snart? (Foto:gibud.no)

I Noreg er det ulovleg å køyre med piggdekk eller kjettingar frå etter påske til halloween. (Eller nærmare bestemt i tida frå måndag etter 2. påskedag til og med 31. oktober).

I Nord-Noreg gjeld datoane 1. mai til 15. oktober. Samstundes er ein forplikta til å sørgje for at ein har tilstrekkeleg veggrep i forhold til føret, seier forskrifta.

Av og på


Skiftande føreforhold og vintervêr som er av og på i eitt sett, kan gjere kvardagen litt komplisert for bilistane vår og haust.
Har ein først bestemt seg for å skifte, grove fram dekka frå innarst i boden, funne fram jekken… Der kjem regnet. Men har ein kome så langt, er det sjølvsagt berre å få på dekka.

Det som er bra med regnet, er jo sjølvsagt at ein kan utsette skiftinga ein dag til, mens ein ventar på betre føre slik at ein kan køyre til nærmaste bensinstasjon og få dei til å skifte dekka. Det kostar eit par hundringar, og sparer deg for mykje kav.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Gjer det sjølv?


Problemet er berre at viss alle kjem på det samstundes, noko dei gjerne gjer, kan det hende at du må bruke tida di i kø i staden for å lære deg korleis du gjer det sjølv.

Det kan jo også vere lurt å ha øvt seg litt, i tilfelle ein plutseleg skulle få bruk for reservehjulet på ein aude landeveg midt på natta.

Pigg eller ikkje pigg


Piggfrie dekk kan ein køyre med heile året, sjølv om dei ikkje er anbefalt på sommarføre. Viss du køyrer meir på snø enn is, og vil ha minst mogleg støy frå dekka, kan du velje piggfritt. I av og på - sesongane vår og haust er det bra med piggfrie, då du kan setje dei på tidlegare enn piggdekka.

Piggar må du ha viss du køyrer på isete vegar, særleg ved kysten. Våt is og hardpakka snø er forhold der piggdekk er betre eigna.

No eller no?


Skiftar du no, slepp du å stå i kø. Samstundes kan du risikere at sommarføret held seg til februar, noko som slit veldig på dekka.

Men kanskje det likevel er best å vere føre var?


Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og Drikke
Moro
Nett og teknologi
Nyhende
Næringsliv
Reise og Oppleving