Profet i eige bakeri

Artikkelen fortsetter under annonsen

Store hyller med gjærbakst og ein solid kø framfor disken er det som møter oss i det me entrar Åpent Bakeri i Ullevål Hageby.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Øyvind Lofthus bak disken. Planen var å starta sin eigen arbeidsplass. No har bedrifta til Øyvind Lofthus mellom 50 og 60 tilsette. (Foto: Einar Schibevaag)Øyvind Lofthus bak disken. Planen var å starta sin eigen arbeidsplass. No har bedrifta til Øyvind Lofthus mellom 50 og 60 tilsette. (Foto: Einar Schibevaag)

Me får kaffi og grove rundstykke, men glasert bringebærpai og napoleonskake finn me ikkje her. Det er ein grunn til det, ein plan bak det heile.

- Det er heilt bevisst kva me vil satsa på, seier eigar og gründar, Øyvind Lofthus.

- Hjå oss skal folk få brødmat baka med hendene og etter gode, gamle metodar.

Ekte handverk

Det er 7 år sidan han og kompanjongen Emmanuel Rang starta den første Åpent Bakeri, og sidan då har dei utvida til tre bakeri og ein sandwich-bar.

Stor arbeidsstokk


- Me har slett ikkje funne opp krutet på nytt, me har berre visst heile tida kor me ville gå, og me driv ekstremt arbeidsintensivt, seier Lofthus.

- Då me ville starta, blei me dømd nord og ned av dei etablerte bakarane og av bankane. Me hadde ikkje noko kontaktnett og få midlar, men me hadde eit lokale på Frogner kor me ønskte å etablera oss. Pengar til etablering fekk me ved å få familie og vener til å teikna aksjar.

Mellom 50 og 60 personar er no sysselsett i bedrifta. - Det er mange, men me ønskjer å ha nok folk til ei kvar tid. I periodar kor me har det veldig travelt, så står folk på ekstra og tar i eit tak. Då er me samstundes medvitne om å gje att for ytinga i rolegare periodar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Historia rundt er viktig

Lofthus meiner noko av det viktigaste når ein skal etablera seg, er å ikkje berre tru at eit godt produkt og eit mottaksapparat er tilstrekkeleg.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Du må ha ei historie rundt produktet ditt, ein heilskap i det du vil til med. Men sjølvsagt er innhaldet det viktigaste.

Sjølv har dei satsa på dette med å ta tida tilbake, og bake-varene blir laga etter prinsippet om godt handverk og gode råvarer.

- Sjølvsagt kunne me lagt på prisen på brøda, tilsett færre folk, tapa nokre kundar og likevel tent like mykje. Men då er me ikkje lenger tru mot historia rundt bakeria våre.

Ikkje berre i byen


Øyvind Lofthus er, som namnet tilseier, frå Hardanger. Korfor måtte han så til hovudstaden for å gjera dette?

- Eg kunne nok sikkert laga til eit bakeri på Lofthus og, men eg trur ikkje eg hadde kunna laga alt dette rundt bakeriet på same viset. Det er dessverre også slik at det er vondt å få folk til å satsa med deg på små plassar. Det er noko med at ting skal vera prøvd før ein prøver.

Men for all del, noko slik som det eg driv, kunne heilt sikkert gått bra på Voss, til dømes. Det er veldig mykje nyskaping som føregår i distrikta.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ikkje profet i eige land

Grûnderen som får det til, meiner Lofthus er ho eller han som har stayervilje og ein solid grunnidé. På spørsmål om kor lenge han har tenkt å halda på, kor store dei sjølve har tenkt å bli, svarar han at dei eigentleg aldri har hatt nokon plan om å bli store.

- Det har utvikla seg slik av seg sjølv. Eg er slett ikkje sikker på om det er dette eg vil gjera alltid, eg trur nok at familien min og eg på sikt vil reisa ut frå Oslo.

Han medgir at det nok ligg i gründeren sin natur å trivast vel så godt med etablering som med drift. Men at han kan reisa heim til Lofthus for å læra sambygdingar å bli gode gründerar ser han ikkje for seg.

- Nei, det er noko med å vera profet i eige land. Eg trur korkje Hardanger eller eg er klar for det.


Fleire nynorsk-artiklar: