Tørrfiskbyen Tromsø

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Når det gjeld bruk av tørrfisk på restaurantane er Tromsø unik i norsk samanheng, meiner forskar Morten Heide ved Fiskeriforskning.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


Fleire restaurantar i Tromsø har sett tørrfisk på menyen dei siste åra. Etter kvart har også restaurantar i andre delar av landet servert dette til gjestene sine.

- Tromsø skil seg ut fordi kjøkensjefar og kokkar etter kvart har opparbeida mykje kunnskap og erfaring på tørrfisk. Dei reiser også til Italia for å lære meir om korleis den kan brukast, seier Heide. Han har marknad og produktutvikling som arbeidsområde og har mellom anna utført ei større gransking der gyteklar tørrfisk vart testa på norske restaurantar.

Italia tek i mot det meste av norsk tørrfiskproduksjon. Italienarane set denne matvara høgt og brukar den i tallause rettar. Forbruket av tørrfisk i Noreg er høvesvis lågt, og den vert stort sett brukt til lutefisk og snacks.

Heide meiner tørrfisk, som er eit produkt med ei tusenårig historie her i landet, har potensial til å bli eit viktig produkt på norske restaurantar.

- I Tromsø har restaurantane vore flinke til å få fram ulike spennande rettar av tørrfisk og lutefisk. Restaurantane stiller også krav om spesielle produkteigenskapar, slik som smak, konsistens og farge, og dermed vert spekteret av tilbydde rettar utvida.

Dette har ført til at fleire restaurantar kan ha tørrfisk og lutefisk på menyen utan at dei må konkurrere om å tilby dei same produkta, seier forskar Morten Heide.
(NPK)