Næringslivet vil fjerne avgifter

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein av to norske bedriftsleiarar er tilfreds med dagens skattesystem og skattenivå. Men tre av fire er utilfredse med avgiftsnivået.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK:)
Dette viser ei undersøking blant 2.000 bedriftsleiarar som kunnskapshuset Deloitte har gjennomført.

- Næringslivet er negative til avgifter. Dette kan ha samanheng med at avgift blir oppfatta som eit slags tjuveri som ikkje er knytt til nokon gjenyting frå staten, seier advokat Tore Paulshus i Deloitte i ein kommentar.

- Noreg har eit svært høgt avgiftsnivå sett i høve til land vi vanlegvis samanliknar oss med.

Dette svekkjer konkurranseevna i ein stadig meir internasjonal marknad. Det gjeld både for eksportindustrien og her heime, der vi konkurrerer stadig hardare med billige varer frå til dømes Kina.

Rammevilkåra elles er ein av to bedriftsleiarar nøgde med. Seks av ti er nøgde med lover og reglar som gjeld for bedriftene, og ni av ti er nøgde med rentenivået. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk