Indonesia brukar influensarar for å tiltrekke seg folk til ny hovudstad

Indonesiske soldatar som tek bilete ved 'ground zero', sentrum for det som skal bli den nye hovudstaden i Indonesia, Nusantara.
Indonesiske soldatar som tek bilete ved 'ground zero', sentrum for det som skal bli den nye hovudstaden i Indonesia, Nusantara. Foto: Achmad Ibrahim / AP/NTB
Artikkelen fortsetter under annonsen

I håp om å få folk til å flytte til den nye hovudstaden Nusantara, har myndigheitene tydd til influensarar for promotering. Årsaka til flyttinga er at dagens hovudstad, Jakarta, søkk.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det var i 2019 at president Joko Widodo godkjente ein plan om å flytte hovudstaden i øyriket, skreiv NRK då.

Presidenten bestemte då å flytte hovudstaden frå Jakarta, på øya Java, til den indonesiske delen av øya Borneo. Namnet på den nye hovudstaden er Nusantara.

Jakarta søkk no i ei alvorleg hastigheit, opptil 28 centimeter i året i nordlege delar av byen. Om lag 40 prosent av Jakarta ligg under havoverflata, melder National Geographic.

Les også: Singapore – landet som viser at demokrati ikkje er nødvendig?

Hovudstad under vatn

Dagens hovudstad, Jakarta, lid under dårleg luftkvalitet, hyppige overfløymingar og konstant trafikkork.

I 2024 er det 11.436.004 innbyggjarar i Jakarta og det er venta ein befolkningsvekst til 13.496.347 dei neste ti åra, ifølge World Population Review.

Hovudgrunnen til at hovudstaden vart bestemt flytta er befolkningsveksten som har ført til utbygging som gjer at delar av byen søkk i rekordfart, skreiv NRK i 2019.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Den viktigaste grunnen til at Jakarta søkk så mykje er at grunnvatnet under byen er brukt opp, og at folk grev etter vatn under husa sine.

Jakarta har fleire gonger blitt ramma av flaum, blant anna i 2020, då mist 30 personar omkom og 30.000 måtte forlate heimane sine, skreiv NRK den gongen.

Les også: TikTokar dømd for blasfemi i Indonesia

Ny hovudstad

Den nye hovudstaden er no under konstruksjon midt i jungelen, aust på øya Borneo.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Budsjettet for den nye byen er på 280 milliardar kroner.

Byen er planlagt å stå ferdig i 2045, men er sett til å bli innvia i august med feiringa av lndonesia sin nasjonaldag, som er den 17. august.

Nyleg leia President Joko Widodo ei stor gruppe influensarar gjennom det som skal bli den nye hovudstaden, som er under oppbygging, melder nettstaden Rest of World.

– Hugs at dette ein industriell skog. Han vert kutta ned kvart sjette år. Det er ikkje ein naturleg skog. Ikkje misforstå, sa president Jokowi ifølgje Rest of World.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Influensar Jerhemy Owen har delt denne smakebiten frå influensarturen på Instagram:

Deler folket

Nusantara er full av kontroversar. Berre litt over halvparten av indonesiarane støttar den nye hovudstaden, ifølgje den nyaste undersøkinga frå analysefirmaet Politik Indonesia.

Miljøvernarar og aktivistar har kritisert rydding av og skog, og tvangsflytting av lokale innbyggjarar og urbefolkning.

Professor i avdelinga for politikk og regjering ved Gadjah Mada Universit, Arga Pribadi Imawan, stiller spørsmål ved konseptet som vert omtala som ein «smart forest city».

Regjeringar hogger vanlegvis ned skogen, bygger byen, og bygger deretter skogen opp igjen ein anna plass. Men forsking viser at gjenoppbygging av skogen kan ta over eit hundreår, seier han til Rest of World.

Ein lokal influensar som deltok på turen, kritiserer myndigheitene for at det har vorte vanskelegare å få tillating til å filme bygginga, og skal ha blitt bede om å ta ned fleire videoar.

– Dette er ikkje nokons private bustad. Det er ein hovudstad, og det bør vere allmenn kjent kva som skjer, seier Dian Rana til Rest of World.