New Zealand: Eitt steg nærare røysterett for 16-åringar

16-åringar kan få rett til å røyste ved lokalval i New Zealand, dersom lovforslaget overlever neste behandlingsrunde. Foto: Element5 Digital/Unsplash
16-åringar kan få rett til å røyste ved lokalval i New Zealand, dersom lovforslaget overlever neste behandlingsrunde. Foto: Element5 Digital/Unsplash
Artikkelen fortsetter under annonsen

16- og 17-åringar kan få rett til å røyste i lokalval i New Zealand – men lovforslaget står framleis overfor utfordringar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Parlamentet i New Zealand røysta ja til å senke aldersgrensa for å stemme ved lokalval til 16 år, i første behandlingsrunde tysdag. Saka skal behandlast på nytt for ei endeleg avgjerd.

Det var venstresidekoalisjonen på 74 røyster som støtta forslaget, medan opposisjonen røysta mot, med 44 røyster. Saka må derimot gjennom ein ny behandlingsrunde i parlamentet, og denne vil verte lagt til etter haustens parlamentsval. Dersom opposisjonen vinn fleirtalet i parlamentet, kan det sjå mørkt ut for at lovforslaget går gjennom.

– Betalar skatt utan representasjon

– Det handlar om kven demokratiet skal vere for, kven sine røyster som skal vere representerte på den nasjonale og lokale plattforma når vi tar avgjerder om framtida til Aotearoa, New Zealand, sa Arena Williams i det newzealandske arbeidarpartiet under behandlinga. Ho trekte fram saker som klimatilpassingar og økonomi.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Aotearoa er det maoriske namnet på New Zealand.

– Sekstenåringar kan forlate skulen, dei kan ha sex, dei kan køyre bilar, og dei kan jobbe og betale skatt utan å vere representerte. Vi veit at dei er klare, sa Golriz Ghahraman i miljøpartiet.

Parlamentet i Wellington i New Zealand. Foto: Peter/Flickr.
Parlamentet i Wellington i New Zealand. Foto: Peter/Flickr.

– Avhengige av tenester

Lovforslaget er kjempa fram av kampanjen «Make it 16» , som hevdar at dagens 18-årsgrense går imot menneskerettane. Høgsterett i landet slo i fjor haust fast at 18-årsgrensa er diskriminerande. 16- og 17-åringar i landet er nemleg beskytta mot diskriminering på bakgrunn av alder.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sage Garrett (17), med-leiar i Make it 16-kampanjen, meiner at lågare røystealder i lokalval vil opne eit moglegheitsvindauge så folk kan sjå kor stor suksess ein vil ha med røysterett for 16- og 17-åringar.

Han viser til at mange tenåringar er særleg avhengige av tenester som lokale styresmakter rår over, som offentleg transport og fritidstilbod.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ikkje nok støtte for nasjonal endring

Dommen i høgsterett slår også fast at 18-årsgrensa i nasjonale val er diskriminerande, men denne lova er vanskelegare å endre. Den nasjonale røystealderen kan berre endrast ved folkeavstemming eller ved ein «supermajoritet» på over 75 prosent i parlamentet. Det ville truleg ikkje den sittande regjeringa fått støtte for.

– Vi kan ikkje forsvare å arbeide med eit lovforslag som vi veit ikkje vil få støtta det treng, sa Kieran McAnulty, minister for lokale styresmakter i New Zealand.

Les også: Hellas: 17-åringane røysta for første gong: – Det gir sjølvtillit