Skottland: Ny studie tek til orde for 16-årig stemmerett ved alle britiske val

Dei som fekk stemmerett som 16-åringar hadde høgare valdeltaking sjølv ut i 20-åra, samanlikna med unge som fekk stemmerett som 18-åringar, konkluderer rapport.
Dei som fekk stemmerett som 16-åringar hadde høgare valdeltaking sjølv ut i 20-åra, samanlikna med unge som fekk stemmerett som 18-åringar, konkluderer rapport. Foto: Manny Becerra/Unsplash.com
Artikkelen fortsetter under annonsen

Studien syner at dei som fekk stemme frå dei var 16 år gamle i større grad nytta stemmeretten også seinare.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I 2014, rett før skottane skulle stemme over sjølvstende, sette styresmaktene i Skottland ned stemmerettsalderen til 16 år. Dette vart vidareført frå valet i 2015.

No syner ein ny studie positive ringverknadar på sikt.

Fleire held fram å stemme

Rapporten Votes at 16 in Scotland 2014–2021 granskar valdeltakinga i det skotske parlamentsvalet i 2021, sju år etter stemmerettsalderen vart sett ned. Kva følgjer har lågare stemmerettsalder hatt for valdeltakinga?

Jan Eichhorn er forskar hjå Universitetet i Edinburgh. Foto: Universitetet i Edinburgh
Jan Eichhorn er forskar hjå Universitetet i Edinburgh. Foto: Universitetet i Edinburgh

Hovudforfattar Dr. Jan Eichhorn frå Universitetet i Edinburgh slår fast at det var ei god avgjersle frå det skotske parlamentet å late 16- og 17-åringar stemme.

– Mange unge førstegongsveljarar beheldt vanen med å stemme og deltek i større grad enn eldre førstegongsveljarar. Funna styrker argumenta for å gje unge stemmerett på tvers av Storbritannia for å betre den langsiktige stemmeåtferda , seier han i ei pressemelding.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei som fekk stemmerett som 16-åringar hadde høgare valdeltaking sjølv ut i 20-åra, samanlikna med unge som fekk stemmerett som 18-åringar.

Dr. Christine Hübner peikar på at dette bryt med det vanlege mønsteret, der valdeltakinga går ned når ein er ung vaksen, men tek seg opp att frå midten av 20-åra.

Christine Hübner forskar på endringar i politisk engasjement, særleg blant unge. Foto: Universitetet i Sheffield
Christine Hübner forskar på endringar i politisk engasjement, særleg blant unge. Foto: Universitetet i Sheffield

– Dette viser at desse unge folka ikkje berre stemmer i større grad, men dei held fram med å stemme i aldrar kor valdeltakinga vanlegvis er på sitt lågaste, seier Hübner i pressemeldinga. Ho er forskar hjå Universitetet i Sheffield, som òg har bidrege i forskinga.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: I klårtekst: Stemmerett for 16-åringar – kven meiner kva?

Liknande tendens i andre land

Tal frå Argentina, Brasil, Ecuador, Nicaragua og Austerrike viser òg at dei som fekk stemmerett som 16-åringar hadde 5–6 prosent høgare valdeltaking ved seinare val, enn dei som først stemte som 18-åringar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den same tendensen fann ein ikkje i dei norske prøveprosjekta med lågare stemmerettsalder.

I rapporten om dei skotske stemmevanane, kjem forskarane med fem tilrådingar til styresmaktene. Dei tilrår mellom anna å styrke tilgangen til politikkundervisning i skulen, og å sikre at unge får mogelegheita til å diskutere politikk.

I tillegg rår forskarane britiske politikarar til å ta til orde for å senke stemmerettsalderen til 16 år for alle britiske val.

Les også: Høgsterett i New Zealand: – Aldersdiskriminerande å ikkje late 16- og 17-åringar stemme

Sanat Singh (18) er ein av leiarane i Make it 16. Foto: Privat
Sanat Singh (18) er ein av leiarane i Make it 16. Foto: Privat