Rappar risikerer dødsstraff etter å ha støtta iranske demonstrantar

Den kurdiske rapparen Saman Yasin (27) risikerer dødsstraff i heimlandet Iran.
Den kurdiske rapparen Saman Yasin (27) risikerer dødsstraff i heimlandet Iran. Foto: Instagram @samanyasinorg
Artikkelen fortsetter under annonsen

Iranske styresmakter ber om hardare straffer mot demonstrantane. Amnesty ber FNs menneskerettsråd om ei gransking av dei ansvarlege for menneskerettsbrot i Iran.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

For tre veker sidan vart den kurdiske rapparen Saman Yasin (27) arrestert i sin eigen heim av iranske tryggleiksstyrkar. No står han overfor ein dødsdom etter å ha blitt sikta for å føre krig mot Gud, fordi han la ut støtte til demonstrantane på sosiale medium.

I løpet av dei neste dagane vil han få den endelege dommen av den iranske domstolen, ifølgje The Guardian.

Menneskerettsaktivistar fryktar han berre er ein av mange som kan kome til å få dødsdom, etter at iranske styresmakter førre sundag gjorde det tydeleg at dei ynskjer harde dommar for demonstrantane.

14.000 arresterte demonstrantar

Den islamske republikken slit med å halde nede protestane i det som er ein av dei største opprøra mot styresmaktene på mange år. Demonstrasjonane starta etter at Masha Amini (22) døydde i varetekt i september. Ho vart arrestert av moralpolitiet for å ha vist for mykje hår under hijaben.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ifølgje FN er det om lag 14.000 menneske, inkludert barn, som har blitt arresterte av regimet sidan protestane starta i september.

Styresmaktene vil ha alvorleg straff for demonstrantar

– Me bed domstolane om å slå hardt ned på gjerningspersonane bak desse lovbrota og alle dei som hjelpte til med lovbrota og provoserte opprørarane.

Dette skal 227 av dei 290 i Iran sitt parlament ha sagt i ei samla utsegn sundag førre veke.

Det melder Reuters og fleire andre internasjonale medium.

Menneskerettsorganisasjonar fryktar dette vil bety dødsdommar og Oslo-baserte Iran Human Rights har publisert ei pressemelding der dei fordømmer dette.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Den islamske republikken har historie med å bruke dødsdom som eit politisk verktøy for å kneble motstanden og halde på makta. Liva til iranske demonstrantar er difor i alvorleg fare og det internasjonale samfunnet må stoppe desse grufulle handlingane med rettidige handlingar, skriv dei mellom anna.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Amnesty: Urovekkande auke i bruk av dødsstraff

– Me veit at fleire av demonstrantane har blitt tiltalt basert på straffeavgjerder som kan medføre dødsstraff.

Det fortel Gerald Folkvord, politisk rådgjevar i Amnesty Norge, som mellom anna har ansvar for Iran, i ein e-post til Framtida.no.

Gerald Folkvord, politisk rådgjevar i Amnesty Norge. Foto: Amnesty
Gerald Folkvord, politisk rådgjevar i Amnesty Norge. Foto: Amnesty

– Det at lovgjevarar går saman og prøver å fortelje domstolane korleis dei skal døme, viser kor sterkt rettssystemet er påverka av makthavarane og deira politiske interesser.

Han fortel at dei allereie før demonstrasjonane byrja, såg ei urovekkande auke i bruk av både dødsstraff og andre fysiske avstraffingsmetodar i Iran, som til dømes amputasjon og pisking.

Dette bryt med det internasjonale forbodet mot tortur.

– Alarmerande, men ikkje overraskande

– Signal om at styresmaktene vil ta i bruk dødsstraff for å tvinge fredelege demonstrantar til å teie er alarmerande, men diverre ikkje overraskande. Styresmaktene gjer allereie omfattande bruk av vilkårlege drap, tortur, tvungen forsvinning og andre overgrep for å skremme folk til teiing.

Nyleg overleverte Amnesty ein appell til FNs menneskerettsråd om ei gransking og ansvarleggjering av dei som er ansvarlege for dei mest alvorlege menneskerettsbrota i Iran.

Appellen vart skriven under av meir enn 760 000 menneske over heile verda og over 46 000 i Noreg.