Georgiarar fryktar russisk invasjon: – Me veit kva Putin er i stand til

Nuka Shubladze (25) og Nika Barishvili (31). Foto: Ingvild Eide Leirfall
Nuka Shubladze (25) og Nika Barishvili (31). Foto: Ingvild Eide Leirfall

– Me som har vore utsette for liknande frå Russland tidlegare forstår betre enn nokon kor mykje støtte Ukraina treng no, seier Nika Barishvili (31) frå Georgia.

For nokre var det venta, for andre kom det som eit sjokk då Russland invaderte Ukraina 24. februar 2022.

I Noreg følgde me med på nyhenda og følgde saka minutt for minutt. Ei stund. Det gjaldt trass alt ikkje oss. Me måtte få tenke på andre ting.

I Georgia er krigen om lag alt dei har tenkt på sidan den dagen i februar. Kvar dag, kvar samtale rundt middagsbordet, kvar gong dei er ute på byen, kvar gong dei ser på nyheitene, kvar gong dei scrollar på sosiale medium. Krigen er hovudtema over alt, heile tida.

Det fortel Nuka Shubladze (25) når me møter henne til intervju i Oslo. Ho er på reise i Europa saman med kjærasten Nika Barishvili (31).

– Det har vore veldig fint å komme til ein meir avslappa atmosfære, der me slepp det konstante stresset. Det er ikkje bra for psyken, seier ho.

Georgia ligg i Kaukasus i Eurasia, midt i mellom Aust-Europa og Vest-Asia. Landet har kyst til Svartehavet i vest og grensar til Russland i nord og nordaust, Tyrkia og Armenia i sør, og Aserbajdsjan i søraust.
Georgia ligg i Kaukasus i Eurasia, midt i mellom Aust-Europa og Vest-Asia. Landet har kyst til Svartehavet i vest og grensar til Russland i nord og nordaust, Tyrkia og Armenia i sør, og Aserbajdsjan i søraust.

– Det føltest som me var under åtak

Shubladze og Barishvili er frå Georgia, som ligg i Kaukasus. Landet deler grense med Russland, Tyrkia, Aserbajdsjan og Armenia. Over Svartehavet ligg Ukraina.

Shubladze fortel at det var sjokkerande første dagen dei fekk høyre om invasjonen i Ukraina.

– Me greidde ikkje gjere noko, det føltest ut som om me også var under åtak,moralsk sett, seier ho.

Ho fortel at dei to første månadane var det ikkje ein gong nyheiter frå deira eige land på nyheitssendingane: berre Ukraina og krigen.

Både ho og Barishvili har delteke i ei rekke demonstrasjonar i heimlandet. Tidlegare mot styresmaktene, politiet, homofobi og andre store saker, men sidan februar har alt handla om krigen.

– Styresmaktene og ein del av dei eldre over 45 år har hatt ei haldning om at me må halde hovudet lågt og ikkje lage for mykje bråk.

Dei hugsar for godt då Russland invaderte Georgia i 2008, og er redde for at det skal skje igjen om me protesterer for mykje.

Nuka Shubladze (25) og Nika Barishvili (31). Foto: Ingvild Eide Leirfall / framtida.no
Nuka Shubladze (25) og Nika Barishvili (31). Foto: Ingvild Eide Leirfall / framtida.no

Krigen i 2008

I 2008 var det ein 12 dagars krig mellom Georgia og Russland. Konflikta låg i kven som har råderett over utbrytarrepublikkane Abhkasia og Sør-Ossetia. Regionane har proklamert seg sjølvstendige frå Georgia, noko Russland og eit fåtal andre land anerkjenner. Majoriteten av verdssamfunnet held fast ved Georgia sin territorielle integritet.

I dag har Russland i praksis kontroll over begge regionane, som utgjer om lag 20 prosent av Georgia.

I 2008 braut dei georgiske statane Sør-Ossetia og Abkhasia ut av Georgia, med militær hjelp frå Russland. Utbrytarrepublikkane var også i krig tidleg på 90-talet. I 2008 eskalerte det i ein femdagarskrig mellom Russland og Georgia. Georgia reknar i dag desse områda som okkupert av Russland.

– Me har jobba hardt for å lausrive oss frå Sovjetunionen. Ikkje berre politisk, men også mentalt. No har me nett greidd det, og me vil ikkje tilbake, fortel Shubladze.

Dei yngre generasjonane meiner det er umogleg å tie om krigen i Ukraina. Dei må protestere. Både mot styresmaktene si passive haldning , men også for å vise Ukraina støtte.

Allereie første dagen tok det unge paret til gatene for å demonstrere mot krigen og vise si støtte til Ukraina. Det same gjorde mange tusen andre.

– Det handlar om prinsipp. Det er prinsipielt gale det som skjer med Ukraina no, og det er viktig at me og Europa viser dei støtte. Me som har vore utsette for liknande frå Russland tidlegare forstår betre enn nokon kor mykje støtte Ukraina treng no, seier Barishvili.

Demonstrasjon til støtte for Ukraina, i hovudstaden Tbilisi i Georgia, 24. februar 2022. (Foto: AP Photo/Shakh Aivazov)
Demonstrasjon til støtte for Ukraina, i hovudstaden Tbilisi i Georgia, 24. februar 2022. (Foto: AP Photo/Shakh Aivazov)

10.000 russarar over grensa dagleg

Dei siste månadane har det blitt fleire og fleire russarar som kjem over grensa. Etter at Putin varsla delvis mobilisering i slutten av september, har talet dobla seg . Mange unge russarar vil ikkje kjempe krigen til Putin, og dagleg kjem om lag 10.000 over grensa til Georgia.

– Kor enn eg går på gata i Tbilisi så høyrer eg russisk, og knapt noko georgisk. Det er stressande, seier Shubladze.

Ho fortel at ho blir sint fordi ho føler dei ikkje viser at dei er leie seg for situasjonen, for Putin sitt regime, eller viser forståing for at Russland vert sett på som ei okkupasjonsmakt i Georgia.

– Me skjønner at dei har rømt frå Putin sitt regime, men dei må også sjå vår side i dette: Deira regjering okkuperer 20 prosent av landet vårt, seier Barishvili.

I tillegg fryktar dei at Putin kan kome til å bruke den veksande delen russarar i landet som påskot for å invadere Georgia.

– Brått seier Putin at han må beskytte folket sitt, som er russarane som er i Georgia. Han vil ikkje ein gong kalle det ein krig, men seie at han beskyttar dei, seier Shubladze.

– Det var det same i Abkhasia og Sør-Ossetia. Han sa han beskytta russiske folk. Me veit kva han er i stand til, seier Barishvili.

Shubladze fortel om krigen i 2008. Ho var 11 år gamal, og seier at ho hugsar ho såg bombene på grensa. At pappaen kom og henta henne hos bestemora på bygda og at dei måtte lyge til politiet for å kome seg tilbake til Tbilisi. Ein fjorten timars tur, som eigentleg tek tre timar.

Ana Pashalishvili, seniorrådgjevar i Helsingforskomiteen, fortel at mange i Georgia fryktar at Russland sitt neste mål blir Georgia.

– Det at så mange russiske borgarar no har bustaden sin i Georgia, kan gjere det endå lettare for Putins regime å invadere landet ein gong til, skriv ho på e-post til Framtida.no.

Ho legg til at innvandringa også har hatt økonomiske konsekvensar for den øvrige befolkinga i landet og prisane på bustad og mat har auka kraftig dei siste månadane.

Russarar etter å ha kryssa grensa ved Verkhny Lars mellom Georgia og Russland, i Georgia 27. september 2022. Lange køar med bilar har kome til på grensa etter at Moskva annonserte delvis militær mobilisering. (Foto: AP Photo/Zurab Tsertsvadze, File)
Russarar etter å ha kryssa grensa ved Verkhny Lars mellom Georgia og Russland, i Georgia 27. september 2022. Lange køar med bilar har kome til på grensa etter at Moskva annonserte delvis militær mobilisering. (Foto: AP Photo/Zurab Tsertsvadze, File)

– Me veit kva Putin er i stand til

Styresmaktene i Georgia har teke imot russarane, men fleire har demonstrert mot dette. Barishvili og Shubladze også.

Dei meiner russarane må stå opp mot Putin og byrje å demonstrere. Sjølv om dei veit at ein risikerer fengsel ved å demonstrere, meiner dei at det må til.

– Me føler oss heller ikkje trygge når me demonstrerer, men me føler at det er det me kan gjere. Me må stå opp for meiningane våre, me må stå opp for det som er sant og ekte, for framtida vår, for notida. Ein må prøve på dei måtane ein kan. Det er vanskelegare for styresmaktene om det er mange nok som demonstrerer, seier Shubladze.

Kvar gong det unge paret har demonstrert i Georgia, har det vore med redsle for straff. For berre nokre år sidan hevdar Barishvili at han vart skoten på tre gonger med gummikuler av politiet, då dei demonstrerte mot ein russisk politikar som støtta utbrytar-staten Abhkasia. Han fekk sitje i stolen til Stortingspresidenten i Georgia og halde ein tale på russisk. Om lag 240 demonstrantar vart skada og 305 vart arresterte under det som vert kalla Gavrilovs natt.

– Me veit at det kan vere farleg å demonstrere, men det er berre håp dersom russarane sjølve står imot regimet, seier Shubladze.

Ho håpar krigen snart vil ende, men presiserer at det er russarane som må vakne opp og sjå kva som skjer i verda.

– Det er ikkje deira feil, men det som er deira feil er at dei tier, ikkje protesterer, ikkje gjer noko og ikkje ein gong vil vite vite kva som skjer.

Ljuba Samylova (22) vart arrestert for å demonstrere mot krigen i Ukraina. Foto: Privat
Ljuba Samylova (22) vart arrestert for å demonstrere mot krigen i Ukraina. Foto: Privat