
«N-ordet», «seenager» og «fossilbil» er nye danske ord

Den danske ordboka Dansk Sprognævns nyordsbog har fått 128 nye ord.
Ifølgje danske Politiken.dk er kjønns- og identitetspolitikk noko av det som pregar den siste språklege oppdateringa i Dansk Sprognævns nyordsbog.
Ordboka har lagt til heile 128 nye ord.
Blant desse finn ein spor av meir klima- og miljømedvitne forbrukarar, som snakkar om «slowfashion» og «fossilbil».
Engelsk påverknad
Fleire av uttrykka har sitt opphav i engelsk, som omgrepet «bestie» (besteven). Eit litt nyare uttrykk er «seenager» (ein person over 60 år, som lever som ein tenåring).
Nyorda er henta frå språkbruk og skal følgje utviklinga i det danske språket, noko ein til dømes ser i det nye danske ordet «n-ordet».
– Ein skal ikkje seia ordet som det dekkjer, men nokre gonger har ein bruk for å snakka om det likevel. Ein er nøydd til å ha eit ord for det og så kan ein bruge «N-ordet», forklarar seniorforskar i Dansk Sprognævn, Marianne Rathje, til Politiken.dk.
Forskarane har også registrert at ordet har inspirert bruken av omgrepet «p-ordet» (om Putin, pandemi, pik eller perker, som er eit negativt ladd uttrykk for personar med arabisk bakgrunn). Rathje trur difor at det kan koma fleire slike bokstav-ord, for å skildra krenkande ord.
Les også: Loke (19) trur norsk døyr ut – og at det ikkje er vits å kjempe mot det
Mykje LHBT
Innanfor LHBT+-feltet finn ein ord som «akønnet» (ein person som ikkje identifiserer seg med noko kjønn), «bifobi» (å føla angst og motstand mot bifile menneske) og «queerbaiting» (å til dømes antyda at karakterar i eit kulturelt produkt er skeive, for å tiltrekkja seg eit skeivt publikum).
– Eg synest det er oppsiktsvekkjande at identitetspolitikk fyller så mykje. Det er nærast ein tredel av orda som kjem derfrå, så det er verkeleg noko der me treng nye ord for å snakka om det, seier Rathje til Politiken.dk.
Les også: Amerikansk ordbok har annonsert at pronomenet «they»