Finsk bryggeri lanserer Nato-øl med «ein smak av tryggleik»

Dette er Olaf Brewing sitt NATO-øl.
Dette er Olaf Brewing sitt NATO-øl. Foto: Soila Puurtinen/Lehtikuva via AP
Artikkelen fortsetter under annonsen

Bryggeriet er uroa for kva konsekvensar Ukraina-krigen har for Finland, og markerer Nato-søknaden med eit nytt produkt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Onsdag leverte Finland sin offisielle søknad om Nato-medlemskap.

No har eit lite bryggeri i Finland lansert eit øl medNato-tema.

Det melder nyheitsbyrået The Associated Press.

Det er bryggeriet Olaf Brewing frå den finske byen Savonlinna som står bak det nye ølet OTAN. Byen ligg nært den russiske grensa.

Petteri Vanttinen, administrerande direktør i bryggeriet, fortel AP News at dei bestemte seg å lage ølet førre veke, då dei var uroa over krigen i Ukraina og konsekvensane for Finland.

Han skildra ølet som å ha «ein smak av tryggleik, med eit hint av fridom».

Namnet OTAN har fleire tydingar, det er det franske akronymet for Nato og spelar i tillegg på det finske uttrykket «Otan olutta». Uttrykket tyder «Eg tek ein øl».


Les også: For første gong har forskarar dyrka plantar i månejord