
Ukraina: Sju dagar av krigen i bilete

Det er ei veke sidan Russland gjekk til fullskala åtak på Ukraina. Slik ser krigen ut i bilete.
Torsdag 24. februar invaderte Russland nabolandet Ukraina, då missilar regna over byar som Kharkiv, Kyiv og Odesa i morgontimane. Ukrainarar vakna til lyden av eksplosjonar.
Verdsleiarar har kraftig fordømt det russiske åtaket , som har ført til at fleire hundre sivile anten er drepne eller skadde.
Den russiske president Vladimir Putin har til no ikkje lete seg påverke av internasjonal kritikk og sanksjonar, og åtvara om at eit kvart forsøk på å blande seg inn vil føre til «konsekvensar de aldri har sett før.»
Igjen har verda vorte mint på brutaliteten i krig, og kor høg pris nokre må betale.
Torsdag 24. februar 2022
Militære helikopter over Kyiv
Dette er eit av dei første bileta av den russiske invasjonen av Ukraina. Her flyg fleire militærhelikopter over Kyiv.

Ukrainske soldatar på veg til Donetsk
Ukrainske soldatar på veg til Donetsk i Aust-Ukraina, etter at president Vladimir Putin annonserte militæroperasjonar i landet og åtvara om konsekvensane om nokon greip inn.

Fulle bussar på veg vekk
Sidan krigen braut ut 24. februar og til no, har over 600 000 personar flykta frå Ukraina, ifølgje FN. Bilete syner ei kvinne og eit barn som ser ut vindauget i ein buss med folk som forlet Sievjerodonetsk, aust i Ukraina.

Trafikk ut av Kyiv
Trafikkork ut av Kyiv i det folk prøver å kome seg vekk frå hovudstaden, der dei vakna til eit russisk åtak.

Ukrainske soldatar på veg austover
Ukrainske soldatar i Mariupol i Ukraina. Mariupol ligg nær separatistkontrollerte område aust i Ukraina og har vorte sterkt råka av krigen.

Soldatvakt på jernbanestasjonen
Ukrainske soldarar står vakt medan folk prøver å forlate Kyiv, på Kyiv togstasjon.

Rakettdelar
Forsøk på å fjerne delar av ein rakett etter åtak i Kyiv.

Fredag, 25. februar 2022
Store bygningsskadar
Ukrainarar ser skadane eit missilåtak har gjort på ein av bygningane i Kyiv.

Flukt over grensa
Ei lita jente et ein matbit medan ho kryssar grensa frå Ukraina over til Siret i Romania. Romania deler kring 600 kilometer grense med Ukraina, og mange flykta ditover då krigen braut laus.

Ruinane etter eit flykrasj
Eit fly gjekk ned i Kyiv, og det er uklårt kva som førte til at flyet kræsja medan luftåtaka på Ukraina føregjekk.

Laurdag, 26. februar 2022
Eksplosjonsskadar
Ukrainske soldatar ser ut eit knust vindauge i eit militæranlegg, etter ein eksplosjon i Kyiv. Russiske styrkar storma hovudstaden laurdag 26. februar, og gateslåsting braut ut og styresmaktene i byen bad innbyggjarane om å søkje ly.

Sivile held oppsyn
Ein sivilist held vakt ved eit av sjekkpunkta i Kyiv.

Flyktningar til Romania
Ein tilsett frå den statlege naudetaten i Romania prøver å roe ned ein ukrainsk baby som har flykta saman med familien sin over grensa.

Søndag, 27. februar 2022
Avskjed
Eit par tek avskjed før kvinna skal flykte frå Kramatorsk, aust i Ukraina, mot Vest-Ukraina. Mannen vart att.

Improvisert bomberom
I Mariupol førebur folk seg for natta, i eit improvisert bomberom i eit idrettsanlegg. Den austukrainske byen har vore hardt råka av krigen med til no over 100 sivile såra . Samstundes har byen mista straumen.

Søvn, der ein kan
Ein sivil mann, som har meldt seg for å forsvare Kyiv, søv på stolar framfor plakatar av Vitali Klitschko. Klitschko er borgarmeister i den ukrainske hovudstaden, og tidlegare verdsmeister i tungvektsboksing.

Måndag, 28. februar 2022
Ein hard start på livet
Nyfødde tvillingbrør søv i ein kjellar, som vert brukt som bomberom, på Okhmadet barnesjukehus i Kyiv.

Leikekasse
Eit lite barn samlar leiker nær staden der dei òg samlar klesdonasjonar til flyktningar frå Ukraina. Ved grenseovergangen til polske Medyka.

Søkjer ly i kjellaren på sjukehuset
Ei mor og barnet hennar, som er innlagt ved kreftavdelinga på Okhmadet barnesjukehus, har måtta søkje tilflukt i kjellaren. Kjellaren vert brukt som bomberom, medan åtaka på hovudstaden føregår.

Tysdag, 1. mars 2022
Bomberom på barnesjukehuset
Ei mor held sitt sjuke barn medan ho snakkar i telefonen, i sjukehuskjellaren som no er bomberom.

Ruinane i vegen
Personar inspiserer restane av russiske militærkøyretøy i landsbyen Bucha, i nærleiken av Kyiv.

Tok imot fødande, no tek dei imot krigssåra
Ambulansearbeidar Oleksandr Konovalov fraktar ei kvinne, skadd i åtak mot Mariupol, inn på eit sjukehus for fødande. No tek sjukehuset imot såra.

Onsdag, 2. mars 2022
Brurestar
Lokale militsmenn hjelper ei gammal kvinne med å krysse ei bru, som har vorte øydelagd i krigen, i utkanten av Kyiv.

Luftåtak
Andrey Goncharuk (68) frå det ukrainske forsvaret ser på skadane eit hus vart påført av eit russisk luftåtak, ifølgje lokale, i Gorenka.

T-banestasjonar vert bomberom
Folk søkjer ly på t-banestasjonar i Kyiv, og nyttar dei som bomberom.

- Desse orda må du kjenne til for å forstå dekninga av Ukraina-krigen
- Dette er bakgrunnen for den russiske invasjonen av Ukraina
Les også: Er dei ukrainske styresmaktene fascistiske? Åtte påstandar om Ukraina faktasjekka