Jordskjelvet som skaka Haiti

20. januar 2010, litt over ei veke etter jordskjelvet på Haiti. To kvinner går gjennom ei øydelagd gate i hovudstaden Port-au-Prince. Ei av dei verste naturkatastrofane i moderne tid tok livet av rundt 300 000 menneske og øydelagde eller jamna med jorda 300 000 bygningar, og utsletta store delar av regjeringa, samt nesten alle departementsbygg.
20. januar 2010, litt over ei veke etter jordskjelvet på Haiti. To kvinner går gjennom ei øydelagd gate i hovudstaden Port-au-Prince. Ei av dei verste naturkatastrofane i moderne tid tok livet av rundt 300 000 menneske og øydelagde eller jamna med jorda 300 000 bygningar, og utsletta store delar av regjeringa, samt nesten alle departementsbygg. Foto: AP Photo/Gregory Bull, File
Artikkelen fortsetter under annonsen

11 år etter jordskjelvet som råka den karibiske øystaten har Haiti framleis ikkje kome seg heilt på beina.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tysdag 12. januar klokka 16.53 ristar det i Port-au-Prince.

Den dagen for litt over 11 år sidan blir hovudstaden i den karibiske øystaten Haiti råka av eit kraftig jordskjelv, som på litt under eit minutt øydelegg store delar av byen.

– Det var skikkeleg ille. Det var første gong eg såg noko som det. Det var første gong nokon av oss såg noko slikt, fortel Claude Bonet (29) på videosamtale med Framtida.no.

Han er frå Cap-Haïtien, og bur og jobbar som advokat i hovudstaden Port-au-Prince. Bonnet minnest at han på skulen hadde høyrt om eit stort jordskjelv tilbake i 1842, men det som skjedde i 2010 var heilt uventa.

Claude Bonet arbeider som advokat i Haiti og er ein del av den norsk-haitiske organisasjonen Project Haiti, som mellom anna driv skule for fattige barn. Foto: Privat
Claude Bonet arbeider som advokat i Haiti og er ein del av den norsk-haitiske organisasjonen Project Haiti, som mellom anna driv skule for fattige barn. Foto: Privat

Folk ropte etter hjelp i ruinane

– Eg gret. Det var «crazy»!

Minna frå dagen jordskjelvet skjedde står framleis klare for Bonnet.

Han viser med kroppen og armane korleis alt rista rundt han då han var komen heim frå skulen den katastrofale januardagen for 11 år sidan.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg prøvde å springe, men eg fall. Mursteinsblokker fall rundt meg og eg såg mange øydelagde hus rundt meg.

Folk søkte tilflukt i hus, men husa var bygd i murstein og rasa saman over dei.

– Etterpå, etter sjølve jordskjelvet, var det framleis ille.

Huset hans var øydelagd. Bonet fortel at då han gjekk på gata kunne han høyre folk som ropte etter hjelp i ruinane. Skadde og daude folk låg overalt i gatene.

– Eg hugsar eg var på gata utan nokon ting. Eg gjekk to dagar utan telefon. I ettertid prøvde vi å tilpasse oss.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Skjelvet hadde episenter i Léogâne, rundt 25 kilometer sørvest for Port-au-Prince. I tida etter hovudskjelvet kom minst 45 etterskjelv, ifølgje SNL. Foto: Gunnar Ries / Flickr
Skjelvet hadde episenter i Léogâne, rundt 25 kilometer sørvest for Port-au-Prince. I tida etter hovudskjelvet kom minst 45 etterskjelv, ifølgje SNL. Foto: Gunnar Ries / Flickr

Fleire hundretusen omkomne

Haiti er ein del av øya Hispaniola i Antillane i Karibia. På den andre sida av øya ligg Den dominikanske republikk. Haiti utgjer rundt ein tredel av øya.

Skjelvet som ramma landet i 2010 vart målt til styrke 7,0 på momentmagnitudeskalaen, eller 7,3 på Richters skala , noko som er nest høgaste nivået. Ifølgje US Geological Survey varte sjølve skjelvet i mindre enn eitt minutt. Men, konsekvensane var enorme. Hyposenteret, punktet i jorda der skjelvet oppstår, var berre 10 kilometer under jordoverflata.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I etterkant kom det òg fleire etterskjelv. Hovudskjelvet blei 20 minutt seinare følgt av to store etterskjelv og åtte dager seinare råka eit nytt stort etterskjelv området.

Talet på omkomne er usikkert, men ein reknar med at mellom 200.000 og 300.000 menneske miste livet.

Eitt år etter jordskjelvet oppjusterte dåverande statsminister på Haiti Jean-Max Bellerive dødstala til 316.000. Om ein legg dette talet til grunn er jordskjelvet det nest mest dødlege i historia.

Folk går gjennom ruinane og røyk frå brennande kroppar i Port-au-Prince, Haiti, søndag 17. januar 2010. Foto: AP Photo/Gerald Herbert
Folk går gjennom ruinane og røyk frå brennande kroppar i Port-au-Prince, Haiti, søndag 17. januar 2010. Foto: AP Photo/Gerald Herbert

Katastrofalt

Marianne Tøraasen er forskar ved forskingsinstituttet Chr. Michelsens Institutt (CMI) i Bergen og jobbar med prosjektet ‘Women on the Bench’. Foto: CMI
Marianne Tøraasen er forskar ved forskingsinstituttet Chr. Michelsens Institutt (CMI) i Bergen og jobbar med prosjektet ‘Women on the Bench’. Foto: CMI

– Det var eit katastrofalt jordskjelv. Episenteret var rett sør for hovudstaden Port-au-Prince. Der er det svært mange menneske som bur, og dei bur veldig tett på kvarandre i bygningar som ikkje er i så god kvalitet.

Det fortel Marianne Tøraasen på telefon til Framtida.no. Ho forskar på Haiti ved det samfunnsvitskaplege forskingsinstituttet Chr. Michelsens Institutt i Bergen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Tøraasen forklarar at infrastrukturen i Haiti i utgangspunktet var dårleg, og jordskjelvet førte til at hus rasa saman, slik Claude Bonnet skildrar. I tillegg ligg hovudstaden i kupert terreng og det kom jordskred.

– Det er mange som seier at dersom dette jordskjelvet hadde skjedd ein annan stad, så hadde det kanskje hatt mindre alvorlege konsekvensar.

– Over ein million menneske blei heimlause. Dei måtte setje opp svært mange leirar for internt fordrivne, IDP-camps, og det er visstnok framleis 11 år etterpå nokre menneske som bur i desse leirane. Så Haiti har ikkje klart heilt å stable seg på beina enno, fortel Marianne Tøraasen.

Ein stor teltby har blitt sett opp for internt fordrivne etter jordskjelvet i Port-au-Prince, Haiti, måndag 18. januar 2010. Foto: AP Photo/Michael Laughlin, Sun-Sentinel
Ein stor teltby har blitt sett opp for internt fordrivne etter jordskjelvet i Port-au-Prince, Haiti, måndag 18. januar 2010. Foto: AP Photo/Michael Laughlin, Sun-Sentinel

Ho seier Haiti allereie var eit svært fattig land då jordskjelvet skjedde, og naturkatastrofen gjorde situasjonen verre.

Sette samfunnet ut av spel

– Det var veldig mange av dei som jobba i byråkratiet og som styrte landet som døydde, seier Marianne Tøraasen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei 16.000 offentleg tilsette som mista livet i jordskjelvet utgjorde ein tredel av administrasjonen i Haiti, ifølgje Bistandsaktuelt.

I Action Plan for National Recovery of Haiti kjem det fram at presidentpalasset, parlamentet, juridiske domstolar og dei fleste departements- og offentlege administrasjonsbygg blei øydelagde. I byen Léogâne, som ligg nærmast episenteret, reknar ein at 80-90 prosent av bygningane blei kritisk eller heilt øydelagde.

30 av 49 sjukhus i landet blei øydelagde og 4200 skular raste saman.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ifølgje Leger uten grenser blei 60 prosent av det allereie svake helsesystemet øydelagt. Om lag ti prosent av helsearbeidarane i Haiti mista livet til jordskjelvet, eller drog frå landet etter naturkatastrofen.

Eit før og eit etter 12. januar

Lindis Hurum er feltarbeidar i Leger uten grenser og var i Haiti for første gong i 2009, altså rett før jordskjelvet. Ho drog tilbake dit dagen etter skjelvet, noko ho skriv om i boka Det finnes ingen andre – det er bare oss.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Hurum skriv til Framtida.no på e-post frå Sierra Leone at det er veldig, veldig mange historier som har gjort inntrykk på ho, og at det er eit Haiti før og eit etter 12. januar.

– Å oppleve tida etter jordskjelvet gjorde enormt inntrykk, eg hugsar det som om det var i går sjølv om det var for 11 år sidan. Lidingane og øydeleggingane var så enorme, utdjupar ho.

Framleis spor etter skjelvet

Då det var gått ti år sidan skjelvet, hadde landet falle over 20 plassar på FN sin levekårsindeks. I 2010 var landet nummer 145, medan det dag er nummer 170 på lista over menneskeleg utvikling. Noreg er på si side nummer éin.

Lindis Hurum skildrar ein optimisme i åra etter skjelvet.

– Den enorme katastrofen førte til å at mange kom for å hjelpe, pengar blei løyvd, mykje blei betre. Port-au-Prince blei gjenoppbygd, jobbar blei skapt, presidenten blei demokratisk vald for første gong, fortel Lindis Hurum i Legar utan grenser.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ho konstaterer likevel at situasjonen dessverre ikkje er betre i dag.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Snarare tvert imot, skriv ho.

Det har òg landets president Jovenel Moïse erkjent.

– Mykje pengar blei brukt etter jordskjelvet, men resultata er magre, sa han til CNN i 2020.

– Trass i vår beste innsats for å byggje opp att etter jordskjelvet, består arra etter denne tragiske hendinga. Ti år etter manglar vi framleis grunnleggjande infrastruktur og tenester for å hjelpe folket i landet vårt, sa presidenten vidare.

Haiti sin preident Jovenel Moïse legg den første seinen for rekontruksjonen av presidentpalasset på 8-årsdagen for jordskjelvet som jamna det med grunnen. Det nye palasset vil bli bygd over dei neste åra og skal likne det ikoniske 90 år gamle bygget i Port-au-Prince. Foto: AP Photo/Dieu Nalio Chery
Haiti sin preident Jovenel Moïse legg den første seinen for rekontruksjonen av presidentpalasset på 8-årsdagen for jordskjelvet som jamna det med grunnen. Det nye palasset vil bli bygd over dei neste åra og skal likne det ikoniske 90 år gamle bygget i Port-au-Prince. Foto: AP Photo/Dieu Nalio Chery

Feila naudhjelp

Jordskjelvet i januar 2010 gjorde ifølge FN-sambandet 3 millionar menneske avhengig av naudhjelp.

Ein av grunnane som blir trekt fram for å forklare kvifor Haiti ikkje har reist seg att etter så lang tid, er den feila internasjonale hjelpa.

Internasjonale organisasjonar gjekk inn med store summar, men pengane forsvann til korrupsjon, eigeninteresser og haitiarane blei utelatne frå gjenoppbygginga.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Land som hadde lova pengar leverte ikkje i tråd med løfta, og FN og organisasjonane har blitt kritisert for at hjelpa var for dårleg koordinert.

Innblanding frå det internasjonale samfunnet og ikkje-statlege organisasjonar (NGO-ar) gjorde det vanskeleg for Haiti å sjølv styre gjenoppbygginga. President Moïse har sagt at lite av pengane enda opp i haitiske hender, og at mykje av den generøse hjelpa ikkje blei brukt på dei riktige prosjekta og stadane. Den haitiske regjeringa fekk under 1 prosent av pengane som blei brukt.

Samstundes kan ein seie at den store internasjonale innblandingavar eit resultat av at Haiti allereie før skjelvet var eit fattig land med politisk ustabilitet og korrupsjon.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein rapport frå FN si spesialutsending i Haiti synte at det ved utgangen av 2012 var ein utbetalingsrate på 56 prosent av pengane som var lova, det vil seie 6,43 milliardar av 13,34 milliardar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Claude Bonet i Port-au-Prince fortel at det etter jordskjelvet kom mange internasjonale organisasjonar til Haiti, men han har inntrykk av at mesteparten av tok pengane dei skulle bruke sjølv og drog derfrå.

Raude Krossen fekk ein halv million dollar til å bygge opp att hus. Etter fem år hadde dei bygd seks hus. Seks hus! utbryt Claude Bonet frustrert.

– Det er det vi kallar korrupsjon.

Du kan lese Raude Krossen sine svar på skuldingane her.

Kolerautbrot

Om ikkje følgjene av jordskjelvet var nok, blei Haiti i etterkant råka av at eit ti år langt kolerautbrot som tok livet av 10 000 menneske.

Kolerautbrotet kom til Haiti med FN-hjelpearbeidarar i etterkant av skjelvet.

I tillegg har Haiti i tida etter jordskjelvet vore råka av orkanar, flaum og tørke og politisk uro. Dette bidrog til å forverre situasjonen og til å gjere oppbygginga av samfunnet vanskelegare.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Kolerasjuke får behandling på eit koleasenter i Anse D’Hainault i Haiti 11. oktober 2016. FN sa på det tidspunktet at orkanen Matthew auka risikoen for ei ny kolerabølgje, noko som òg skjedde. Orkanen som trefte landet førte til store øydeleggingar og flaum som øydela infrastruktur, det pågåande kolerautbrotet blussa opp att og helsevesenet blei igjen svekt. I januar 2020 kunne landet feire at det ikkje hadde vore nye tilfelle på eitt år. Foto: AP Photo/Dieu Nalio Chery.
Kolerasjuke får behandling på eit koleasenter i Anse D’Hainault i Haiti 11. oktober 2016. FN sa på det tidspunktet at orkanen Matthew auka risikoen for ei ny kolerabølgje, noko som òg skjedde. Orkanen som trefte landet førte til store øydeleggingar og flaum som øydela infrastruktur, det pågåande kolerautbrotet blussa opp att og helsevesenet blei igjen svekt. I januar 2020 kunne landet feire at det ikkje hadde vore nye tilfelle på eitt år. Foto: AP Photo/Dieu Nalio Chery.

Ei gløymd krise

Med ein gong etter jordskjelvet strøymde hjelpeorganisasjonar og media til og pengar inn, men no er verdas auge vendt vekk frå Haiti. Framleis er situasjonen i landet vanskeleg.

– Akkurat no er det ikkje så lett å sjå nokon veg ut av krisa utan politisk endring som gir stabilitet, tryggheit og økonomisk vekst, fortel Lindis Hurum i Legar utan grenser, og legg til:

– Det er lite pengar som blir løyvd til Haiti, det har blitt ei gløymt krise.

Denne artikkelen er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet « Gløymde kriser». Har du tips til saker? Send ein e-post til tips @ framtida.no