Russiske Asya (17) og Valerija (21) risikerer å verte stempla som «utanlandske agentar»

Asya Fomina (t.v.) og Valerija Aleksejevna Altukhova er begge aktive i kvar sin miljøorganisasjon, sjølv om dei risikerer alvorlege følgjer. Foto: Privat. Kollasj: Framtida.no
Asya Fomina (t.v.) og Valerija Aleksejevna Altukhova er begge aktive i kvar sin miljøorganisasjon, sjølv om dei risikerer alvorlege følgjer. Foto: Privat. Kollasj: Framtida.no
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei russiske styresmaktene innskrenkar stadig rommet for sivilsamfunnet i landet, men aktivistane trassar risikoen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Valerija Aleksejevna Altukhova seier at nokre gongar må ein ta risikoar for klimaet sin del. Foto: Privat
Valerija Aleksejevna Altukhova seier at nokre gongar må ein ta risikoar for klimaet sin del. Foto: Privat

– Eg er redd for å miste jobben, redd for å verte teken til politiet, og redd for at det vert oppretta sak.

Det fortel Valerija Aleksejevna Altukhova på melding til Framtida.no.

21-åringen frå Murmansk jobbar til dageleg som farmasøyt, men er også aktiv i den russiske miljøorganisasjonen PiM og i skulestreikrørsla Fridays for future.

Lovene i heimlandet gjer at ho vegrar seg for å ta til gatene for å uttrykkje meiningane sine, for då kan det ho fryktar verte røyndom.

Handlingsrommet skrumpar

Det er ingen løyndom at medan Vladimir Putin har vore statsleiar i Russland, så har handlingsrommet til det russiske sivilsamfunnet vore innskrenka.

Eitt døme på dette er lova frå 2012 der ikkje-statlege organisasjonar lyt registrere seg som «utanlandske agentar», dersom dei mottek økonomisk støtte frå utlandet og driv med det styresmaktene definerer som «politisk verksemd».

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sidan lova tredde i kraft har ho vorten utvida gong på gong.

I 2015 vart oppfølgingslova for «uønska organisasjonar» vedteken, der styresmaktene kan stemple organisasjonar som ein trugsel for landet.

I 2017 vart medium som driv «politisk verksemd» også pålagde å registrere seg som «utanlandske agentar», under liknande vilkår som organisasjonar.

I 2019 vart lova utvida til å òg omfatte bloggarar og sjølvstendige journalistar.

I desember 2020 signerte Vladimir Putin nok eit tillegg til lova, og no kan også enkeltpersonar verte rekna som «utanlandske agentar».

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dersom ein ikkje handlar i samsvar med lovene risikerer ein heftige bøter og fengselsstraff, samstundes som sjølve omgrepet «utanlandske agentar» er stigmatiserande med sine sterke negative konnotasjonar.

Skal skremme aktivistar til å halde stilt

– Eg trur desse lovene er skrivne berre for å skape frykt hjå aktivistar. Slik at alle held stilt om problema staten vår ikkje klarar handtere, forklarar Valerija Altukhova.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ho fortel at lovverket innskrenkar handlingsrommet til PiM og har avgrensa måten dei kan verke på. Då organisasjonen vart stifta i 1999 arrangerte dei naturvernsaksjonar i Murmansk sine gater, men i dag er fleirtalet av medlemmane uroa for å gjere det same.

Dei vere forsiktige med eventuelle sponsorpengar dei mottek, og konsultere advokatar om saka. Tvila melder seg kvar gong dei vurderer større prosjekt, som gjer at dei potensielt hamnar på radaren til styresmaktene.

– Vi er alle redde for å verte rekna som utanlandske agentar, og då kan vi i praksis ikkje gjere noko. Det er veldig trist.

Liknande erfaringar har også Asya Fomina (17) frå Arkhangelsk.

– No ber vi våre frivillige om å tiltrekke seg mindre merksemd, og å ikkje involvere seg i politikk, forklarar Fomina, som er sekretær i miljøorganisasjonen 42.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Asya Fomina og 42 held mellom anna førelesingar om miljøproblematikk i Russland. Ho fortel at klimasaka er verd risikoen ho utset seg sjølv for med å vere aktivist, for ho fryktar tap av biodiversitet og tap av heimar meir enn lovene. Foto: Privat
Asya Fomina og 42 held mellom anna førelesingar om miljøproblematikk i Russland. Ho fortel at klimasaka er verd risikoen ho utset seg sjølv for med å vere aktivist, for ho fryktar tap av biodiversitet og tap av heimar meir enn lovene. Foto: Privat

– Dette er veldig irriterande! Vi vil at våre frivillige skal ha mogelegheta til å uttrykkje meiningane sine.

Noko av det som provoserer ho mest er at lova hindrar 42 frå å vere opne med støttespelarane sine. Om dei fortel at dei samarbeider med organisasjonar i Noreg eller i andre europeiske land, risikerer dei fengsel. Dei kan heller ikkje halde større arrangement der utanlandske talarar og frivillige er inviterte, for det vil sjå mistenkeleg ut.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Lova er berre nok eit undertrykkjande verktøy i samlinga frå den føderale sikkerheitstenesta og diktatorielle makta til Vladimir Putin, konstaterer Fomina.

Les også: Russiske Julija (26) risikerer seks års fengsel for teikningane sine

Meir og meir autoritært

– Med Putin vert Russland meir og meir autoritært, media vert teke over og organisasjonar må heile tida finne nye vegar for å påverke, men dei er vande til å vere under press, seier Inna Sangadzhieva på telefon til Framtida.no.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Statsvitaren er seniorrådgjevar i Den norske Helsingforskomite, og er i tillegg sjølv vaksen opp i Russland. Ho fortel at det ein har sett i Russland sidan 2012 er styresmaktene som reagerer på det effektive arbeidet sivilsamfunnet har gjort.

– Det dreier seg om at sivilsamfunnet tvingar staten til normene av ein rettsstat.

Lovene minner Inna Sangadzhieva om det russiske ordtaket frå sovjettida: «Om vi har ein mann vi skal putte i fengsel, er det ikkje noko problem for oss å få laga lova». Foto: Den norske Helsingforskomité
Lovene minner Inna Sangadzhieva om det russiske ordtaket frå sovjettida: «Om vi har ein mann vi skal putte i fengsel, er det ikkje noko problem for oss å få laga lova». Foto: Den norske Helsingforskomité

– Ein kan ikkje endre eller betre noko med dårlege lover og korrupsjon, du må referere til lova. Relasjonen til lover er det viktigaste våpenet sivilsamfunnet har. Dei prøvar å sivilisere staten, frå den autoritære fortida til ei sivilisert notid.

Sangadzhieva fortel at sivilsamfunnet ein kjenner i Russland i dag har vakse gradvis fram sidan 90-talet, parallelt med staten.

Sivilsamfunnet har teke over oppgåver staten ikkje har prioritert, heilt til sivilsamfunnet har vorte eit hinder som kritiserer styresmaktene og stiller krav staten ikkje kan innfri.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det einaste staten kan svare med er agentlovene, og å skulde sine eigne borgarar for at det er fiendar blant oss, eller vald.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Putin og sivilsamfunnet lever i ulike verder

Seniorrådgjevaren forklarar at vendepunktet i relasjonen var i 2011/12, då russarar tok til gatene for å protestere mot at Dmitry Medvedev og Vladimir Putin bytte statsministerpost og presidentembete seg mellom.

– Det var første gong eg såg at folk starta å interessere seg for politiske rettar, og det var eit ynskje om at maktsystemet måtte verte endra. Styresmaktene skjønte ut frå mengda av protestar at dette måtte dei gjere noko med.

Då kom den første agentlova. Ifølgje Inna Sangadzhieva vitnar lova frå 2012 og dei påfølgjande tillegga om at styresmaktene og Putin lever i si eiga boble og si eiga verdsforståing.

– Den idéen om at folk ikkje kan kome og protestere som seg sjølv, utan å vere betalte eller få midlar frå internasjonale donorar, er veldig sovjetisk.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Putins sovjetiske verdsforståing er bygd rundt ideologi og propaganda, militarisering og krig.

– Det skal vere fiendar, den er veldig konspirasjonsteoretisk og ganske fjern frå samfunnet, som byrjar å endre seg, forklarar Sangadzhieva.

Les også: Paul har vandra i åtte år frå Etiopia til Myanmar – overraska over kor enkelt det har vore

Putingenerasjonen let seg ikkje skremme til stille

Inna Sangadzhieva fortel at det i Russland i dag er tre hovudkonfliktar: generasjonskonflikten; verdikonflikten, om kor mykje staten skal blande seg i livet ditt; og sentrum-periferi-konflikten.

– I Sovjetunionen skulle staten blande seg i livet ditt for kontroll – kontroll gjennom vald, vald gjennom trugslar, og trugslar skal stilne og gjere at du ikkje vil delta. Du skulle sitje heime og følgje med på fjernsyn, forklarar Sangadzhieva og legg til:

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Men generasjonen no er heilt annleis. Dei har funne internett.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dagens unge har ikkje den same sovjetiske ballasten som sine forgjengarar, og samstundes har internett og sosiale medium styrkt sivilsamfunnet, forklarar Sangadzhieva. Det har ført til meir koordinering og til at fleire russarar kjenner att sivilsamfunnet og kva dei arbeider for. Dei er også meir villige til å protestere.

– På 90-talet var endringane skapte ovanfrå og ned, no skjer endringane nedanfrå og opp. Det er den store forskjellen.

Regimet freistar å stemple dei mest prominente aktivistane og organisasjonane som «utanlandske agentar» for å stille kritiske røyster, men for kvar aktivist dei fengslar får sivilsamfunnet meir merksemd.

Seniorrådgjevaren peikar på Open Russia-aktivist Anastasia Sjevtsjenko, MediaZona-redaktør Sergej Smirnov og opposisjonspolitikar Aleksej Navalnyj som døme på aktivistar som er uredde i sin kritikk og no lyt betale konsekvensane – medan russarar og heile verda ser på.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Målet er å truge, og det øydelegger private liv, men i det store bilete så er det fleire som får tilgang på informasjon og fleire som vert bevisste på at slik praksis er brot på menneskerettane, seier Sangadzhieva og legg til:

– Fleire samfunnsborgarar vaknar.

Sangadzhieva medgjev at lovene fører til at også den gjengse aktivist lyt gå ei ekstra runde meg seg sjølv, om risikoen er verd det.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ho skildrar lovene som utmattande og fæle – som giftige insekt som øydelegg – men poengterer at det framleis er enorm uvisse til korleis dei skal fungere i praksis, særleg det siste tillegget om privatpersonar. Ho tvilar på om sjølv russiske styresmakter og påtalemyndigheiter veit det.

– Når ein har meir forståing for dette, og det har ein særleg blant unge, så er det mange som gjev blaffen i dei.

– Om ikkje vi, kven?

Både Asya Fomina og Valerija Aleksejevna Altukhova er tydelege på at dei brenn meir for saka, enn dei fryktar potensielle konsekvensar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg er veldig sint over alt som skjer i Russland i dag. Eg er ikkje redd for bøter, rettssaker og arrestasjonar, for eg veit at eg kjempar for framtida og sanninga, fortel Asya Fomina.

Ho vil ikkje plassere 42 i søkjelyset til styresmaktene, men ho vil heller ikkje vere taus.

Det er ikkje berre trist og skummelt å vere aktivist i Russland: – Å vere aktivist i Russland tyder å vere del av ein familie, fortel Asya Fomina. Foto: Privat
Det er ikkje berre trist og skummelt å vere aktivist i Russland: – Å vere aktivist i Russland tyder å vere del av ein familie, fortel Asya Fomina. Foto: Privat

– Eg er ein aktivist. Eg er ein borgar i Russland. Og eg vil uttrykkje meininga mi, konstaterer ho.

Valerija Aleksejevna Altukhova legg ikkje skjul på at det er vanskeleg å skulle hamle opp med politikarar ho skildrar som styrte av olje, gass og kol, men meiner at nokon lyt jo ta risikoen dersom Russland skal vende seg vekk frå fossilindustrien og mot meir miljøvennlege alternativ.

– For å vere ærleg, så kan det vere vanskeleg å ikkje berre gje opp og ikkje ville gjere noko. Men så slappar eg av, samlar kreftene og alt er tilbake til normalen. For om ikkje vi, kven?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Denne artikkelen er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Gløymde kriser». Har du tips til saker? Send ein e-post til tips @ framtida.no.

Les også intervjua med klimaaktivistar verda over: – Det er bisarr, då, at vaksne føler behovet for å seie fryktelege ting til tenåringar som sit ved gangstien med pappskilt, fortel Patsy (19) frå Australia

Bakgrunnsfoto: Unsplash. Bilete av Mitzi Tan: AC Dimatatac, Øvrige bilete: Privat. Kollasj: Framtida.no
Bakgrunnsfoto: Unsplash. Bilete av Mitzi Tan: AC Dimatatac, Øvrige bilete: Privat. Kollasj: Framtida.no