Matilda (14): – Dess meir eg tenkjer på det, dess reddare vert eg

Amerikanske Matilda Meuse (14) er ikkje nøgd med måten president Donald Trump har takla koronaviruset på. Foto: Gage Skidmore/Flickr/CC BY-SA 2.0 / Privat
Amerikanske Matilda Meuse (14) er ikkje nøgd med måten president Donald Trump har takla koronaviruset på. Foto: Gage Skidmore/Flickr/CC BY-SA 2.0 / Privat
Artikkelen fortsetter under annonsen

Same kva valresultatet blir, er amerikanske Matilda Meuse (14) bekymra for skadane Donald Trump si presidenttid allereie har påført unge.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fram til i år hadde Matilda Meuse eit heilt vanleg tenåringsliv i den vesle forstaden Woburn, utanfor Boston i USA. Ho er glad i å vere ute på tur, lese bøker, lytte til musikk og teikne.

Men i år har ho fått livet snudd på hovudet av koronaviruset.

Når Framtida.no snakkar med henne, ei veke før presidentvalet 3. november, er ho nettopp ferdig med skuledagen.

– Eg har hatt online undervisning heimefrå, fortel ho.

– Vi møter berre opp fysisk eit par dagar i veka.

Matilda og klassekameratane får berre møte opp på skulen nokre få dagar i veka. Då må dei gå med ansiktsmaske heile dagen. Foto: Privat
Matilda og klassekameratane får berre møte opp på skulen nokre få dagar i veka. Då må dei gå med ansiktsmaske heile dagen. Foto: Privat

Når Matilda og klassekameratane er på skulen nyttar dei munnbind. Kvar einaste skuletime, heile dagen.

– Innimellom tek lærarane oss med ut, og plasserer oss med to meter mellom kvar, så vi kan ta av maskene og puste, fortel Matilda.

– Det er utruleg at ein kan setje så stor pris på vanleg luft!

Les også: Romeo (10) gjekk frå Italia til England for å klemme bestemora

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Hardast ramma i verda

Presidenten i landet, Donald Trump, er derimot ikkje så oppteken av å bruke maske.

– Han meiner det ikkje er så farleg med koronaviruset. Eg er ikkje fornøgd med måten han har takla situasjonen på, seier Matilda.

USA er mellom dei landa i verda som er hardast ramma av koronapandemien. Éin av fem som døyr av viruset på verdsbasis er frå USA. Så langt er det snakk om 232 000 dødsfall, og over 9 millionar som er smitta.

Presidenten sjølv har også blitt smitta av viruset, og spreidd det vidare til fleire av dei som jobbar for han.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Løgn

Den dårlege handteringa av pandemien er ein av grunnane til at Matilda ikkje ville ha røysta på Donald Trump, men heller på demokratane sin kandidat Joe Biden, dersom ho var gammal nok til å ha røysterett.

– Joe Biden deler dei fleste av synspunkta mine. Men fyrst og fremst ville eg valt han fordi eg ikkje likar Trump. Han har fortalt så mange løgner.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eit ubehagelig tema

På skulen snakkar dei lite om valet. Nokre av lærarane støttar Biden, andre Trump, og Matilda seier at emnet er touchy – litt ubehagelig å snakke om.

– Ein gut i klassa sa han syntest muren til Trump var ein god idé. Eg syntest det var hårreisande. Men eg prøver å unngå å bli dregen inn i diskusjonar med dei som har slike meiningar, eg likar ikkje å krangle.

– Han har fortalt så mange løgner.

Matilda fortel at ho er både spent og nervøs for kva utfallet av valet vil bli.

– Dess meir eg tenkjer på det, dess reddare vert eg av korleis situasjonen er no.

Har du vokabularet til å henge med i det amerikanske valet? Denne ordlista forklarar alt frå absentee vote til wedge issue!

Påverka av politikken

14-åringen synest at det er viktig å røyste, for å kunne vere med å påverke avgjerdene som blir tekne i landet. Ho påpeikar at sjølv om du ikkje røyster, så vert du likevel påverka av resultatet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Matilda er oppkalla etter hovudpersonen i boka av Roald Dahl. Ho skulle ønskje at ho også hadde superkrefter. Her har ho på seg ei t-skjorte med bilete av den kjende feministen og høgsteretts-dommaren Ruth Bader Ginsburg, som døydde nyleg. På t-skjorta står det: Undervurder aldri kreftene til ei jente som les bøker. Foto: Privat
Matilda er oppkalla etter hovudpersonen i boka av Roald Dahl. Ho skulle ønskje at ho også hadde superkrefter. Her har ho på seg ei t-skjorte med bilete av den kjende feministen og høgsteretts-dommaren Ruth Bader Ginsburg, som døydde nyleg. På t-skjorta står det: Undervurder aldri kreftene til ei jente som les bøker. Foto: Privat

– Slik er det for oss som er unge. Vi vert påverka av politikken, men vi har ikkje noko vi skulle ha sagt.

– Korleis har unge blitt påverka av politikken som Donald Trump har ført?

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det mest alvorlege for oss unge er klimaendringane. Trump har ikkje tatt tak i det, han nektar til og med for at det er ei sak i det heile, seier Matilda, og legg til:

– Det er veldig ille at det har gått fire år utan at noko har blitt gjort. Eg høyrde ein forskar seie at viss vi ikkje kuttar utsleppa drastisk innan 2030 så vil det vere umogleg å bremse endringane. Så før eg vert vaksen og kan røyste vil det vere for seint.

Les også intervjua med dei unge klimaktivistane verda rundt – frå Saudi-Arabia til Filippinane: – Brasil vert forsømt av Bolsonaro-regjeringa, som nektar for at landet står i flammar, fortel Iohana (16)

Bakgrunnsfoto: Unsplash. Bilete av Mitzi Tan: AC Dimatatac, Øvrige bilete: Privat. Kollasj: Framtida.no
Bakgrunnsfoto: Unsplash. Bilete av Mitzi Tan: AC Dimatatac, Øvrige bilete: Privat. Kollasj: Framtida.no