Ivanka Trump reagerer på støvsugande kunstverk

Video: Tilskuer: – Jeg syns det representerer situasjonen i Det hvite hus.
Artikkelen fortsetter under annonsen

Publikum vert oppmoda til å kaste smular på teppet som ein dobbeltgjengar av presidentdottera støvsuger.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I ei kunstutstilling ved Flashpoint Gallery i Washington DC vert tilskodarar oppmoda til å kasta smular som ein levande Ivanka Trump-etterlikning støvsugar opp.

Installasjonen Ivanka vacuuming av kunstnaren Jennifer Rubell har fått mykje merksemd i media etter at den amerikanske presidentdottera sjølv tok til Twitter for å kommentera:

Ivanka – dotter, kone, mor, søster, modell, arbeidskvinne og blondine

I pressemeldinga frå Cultural DC heiter det at verket er inspirert av ein figur som i offentlegheita har teke på seg ei nesten komisk breidde av ulike feminine identitetar – dotter, kone, mor, søster, modell, arbeidskvinne og blondine.

Med verket vil kunstnaren både feira eit feminint samtidsikon og stilla spørsmål ved vårt forhold til denne rollefiguren.

Donald Trump jr, som er bror til Ivanka, er heller ikkje imponert og kritiserer verket for å vera sexistisk.

Les også: Feirer stemmerettsjubileet med å løfte fram kvinnelege parlamentsmedlem

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Maktsjukt publikum

Kunstnaren sjølv forklarar kvifor verket er komplisert.

Konseptkunstnaren Jennifer Rubell vil at publikum skal stille spørsmål ved ikonet Ivanka og vårt forhold til rollefiguren. Foto: Ryan Maxwell
Konseptkunstnaren Jennifer Rubell vil at publikum skal stille spørsmål ved ikonet Ivanka og vårt forhold til rollefiguren. Foto: Ryan Maxwell

– Me nyter å kasta smulane for at Ivanka skal støvsuge. Det er den ubehagelege sanninga i senteret av verket. Det er morosamt, det er tilfredsstillande, det får oss til å føle oss mektige og me vil gjera meir, forklarar Rubell i pressemeldinga.

Ho peikar på at responsen gjer at tilskodaren føler seg mektig, men når ein veit at ho kjem til å fortsetja å støvsuga same kva ein gjer – kven har då ansvaret?

Les også: Mellomvalet i USA: No vert det meir trøbbel for Trump