NASA: Har oppdaga gigantisk holrom i ein av verdas viktigaste isbrear

Thwaites-breen.
Thwaites-breen. Foto: NASA/OIB/Jeremy Harbeck
Artikkelen fortsetter under annonsen

Isbreen i Antarktis smeltar raskare enn ein har rekna med. Dét kan få store konsekvensar for havnivået.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein ny studie utført av NASA har oppdaga eit enormt holrom på botnen av Thwaites-breen i Antarktis. Det er nesten 300 meter høgt, og veks stadig.

NASA skriv at forskarane hadde venta å finne noko holrom mellom isen og berggrunnen, men at dei vart overraska både over storleiken og den veldige veksten på holrommet.

Det amerikanske romfartsorganisasjonen undersøker breen i samband med eit forskningsprosjekt som starta i 2010, der dei undersøker samanhengen mellom polarregionane og klimaet.

Les også om korleis klimaendringane påverkar Noreg.

Isen har smelta i løpet av tre år

Holrommet i breen er stort nok til å ha romma 14 milliardar tonn med is, og mesteparten skal ha smelta i løpet av dei siste tre åra.

– [Storleiken på] holrommet under isbreen spelar ei viktig rolle i smeltinga. Når meir varme og vatn kjem under isbreen, så smeltar den fortare, fortel forskar og hovudforfattar Pietro Milillo i ei pressemelding.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Thwaites-breen er på storleik med Florida, og består av nok is til å heve havnivået i verda med 65 centimeter. Breen fungerer også som ei «smeltebrems» for andre nabobrear. Om desse smeltar vil havnivået stige ytterlegare 2,4 meter.

Eric Rignot er ein av dei andre forfattarane bak studien og professor i jordsystemvitskap hjå Universitetet i California, Irvine. Han seier til the New York Times at havet no et isen.

– Det er ein direkte verknad av klimaendringar på isbreen, seier han.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Havet stig: Over 50.000 bygningar kan bli ramma. Her kan du sjå om stormfloda vil fløyma inn i huset eller naustet ditt!

Korken i vinflaska

I ein artikkel hjå Rolling Stone Magazine, skildrar den amerikanske journalisten Jeff Goodell breen som «korken i vinflaska» for heile Den vestantarktiske innlandsisen. Han skriv at dersom Thwaites-breen kollapsar så vil den dumpe nok is i havet til at byar som Miami, Boston, New York og London vil vere fortapte. Det vil også vere skjebna til så å seie alle kystbyar i verda, skriv Goodell.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Han er også på veg til Antarktis for å undersøke effektane klimaendringane har på nettopp Thwaites-breen. Goodell er med på den første ekspedisjonen i det femårige forskingsprosjektet til det amerikanske National Science Foundation og British Antarctic Survey. Dei skal undersøke isbreen for å betre forstå kor fort den har trekt seg tilbake i tidlegare varme periodar.

Les også om forskningsarbeidet som vil bidra i klimakampen ved å fange CO2 frå atmosfæren og gjere det om til drivstoff.