Meny

Er nasjonalstatane rusta til å takle dei globale utfordringane framover?

Foto: Christine Roy/Unsplash
Det trur ikkje det grenselause prosjektet Good Country. Dei håpar difor å samle 760 millionar globale borgarar for saman å fremja globale løysingar.

Hausten 2019 kan alle som ynskjer verte medlem av Good Country, eit land utan territorium, men binde saman av eit fellesskap tufta på verdiar og ambisiøse målsetjingar.

Bak dette grenselause landet står den britiske politiske rådgjevaren Simon Anholt og Harvard-utdanna Madeline Hung. Dei vil samle menneske frå heile verda på tvers av grenser for å redde kloden og gjere verda betre.

Frivillig organisasjon til første nasjon

Good Country er per i dag registrert som ein frivillig organisasjon i den amerikanske staten Delaware, men har større målsetjingar enn som så.

Good Country ynskjer å fungere som eit faktisk land. Det skal ha borgarar frå alle kantar av kloden som betalar ein årleg skatt på fem amerikanske dollar, og skal vere ei eining som fører faktisk politikk med påverknadskraft i møte med andre statar.

– Grunnen til at vi har laga Good Country som eit land er fordi ei sjølvstendig statleg eining er det mest effektive verktøyet for å nå måla våre, som er å utføre ein type politikk som syner det internasjonale samfunnet at det er mogeleg å harmonisere både innanlands og internasjonale ansvar, skriv grunnleggjar Simon Anholt på epost til Framtida.no.

Der finst allereie norske borgarar: Les kvifor 27 år gamle Benjamin Aarø valte å satse på Good Country.

Tredje største landet i verda

Førbels opplyser Good Country at dei har rekrutteringsprogram rundt om i heile verda.

Dette kartet viser land der prosjektet til no er tilstades, anten med borgarar eller rekrutteringsprogram:


Dette skal berre vere starten.

Good Country viser til ei meiningsgransking, World Value Survey, som skal syne at 10 prosent av folk i verda har verdiar som samanfell med dei landet er tufta på: toleranse; aksept av andre religionar og kulturar; eit globalt tankesett; samt ei uro over utfordringane verda står ovanfor og utolmod med land som tenkjer «innanriks».

Målet er difor så ambisiøst som å rekruttere 760 millionar borgarar, og bruke makta det gjev til å løyse verdsproblem som fattigdom og ulikskap, klimaendring og konflikt.

Når dei folketalsmålet vil Good Country vere verdas tredje største land, rett etter Kina og India.

Les også: Åtte rare landegrenser

Fellesskap på tvers av grenser

«Vi er medlem av menneskeslekta først, og berre sekundært borgarar av nasjonar, byar, stammar, og fellesskap etc. Vi er motiverte av ein kjærleik til menneskeslekta i alle dets formar», opplyser Good Country på nettsida si.

Idéen i botn går ut på at landa i verda er for egoistiske. Dei tenker som nasjonalstatar som skal bry seg om sine eigne. Verdssamfunnet er difor ikkje rusta til å løyse dei globale utfordringane verda står ovanfor.

Good Country skal bøte på dette. Sidan det ikkje har territorium og borgarane er spreidde over heile verda, så vil dei tenke globalt, men tvinge handling lokalt.

Sjå ein TED Talk frå Simon Anholt i 2014, der han lanserer tankane i botn for Good Country:

Les også Framtida.no si reportasje frå 2014, om Anholt-prosjektet som starta det heile: Good Country Index.

Seks faser for å redde verda

Men korleis skal eit land utan territorium fungere? Korleis kan fleire millionar borgarar som er spreidde for alle vindar samarbeide om konkret politikk?

Det er dette systemet Good Country no skal teste. Ved hjelp av Internett og kunstig intelligens skal fleire millionar stemmer samlast til ei røyst.

Dette skal føregå i seks fasar. Frå den kunstig intelligensplattformen Ramesh finn ei semje mellom folket om kva utfordring landet skal ta fatt på først, via eit panel som lagar detaljerte skisser for korleis Good Country best kan bidra, og endeleg til ein politikk vert utført.

Dei seks fasane, ifølgje nettsida Goodcountry.org.

Med alle sine borgarar i ryggen vil så Good Country ta fatt på dei store globale utfordringane, og samstundes på lære opp og inspirere andre land til å gjere det same.

Kvifor verte borgar?

Til trass for ambisjonen om å fungere som eit land, så er der nokre grenser for Good Country sitt mandat.

Landet vil ha reglar som borgarar må følgje. Dersom nokon bryt desse, så vil dei verte bedne om å anten skjerpe seg eller forlate landet. Men utover dette vil ikkje Good Country ha høve til å straffe borgarne sine.

– Vi har verken middel, autoritet eller ynskje om å straffe folk, forklarer Anholt.

Endå borgarane skal betale ein heller beskjeden skatt, så kan dei ikkje vente å få velferdsgoder attende. Ifølgje Anholt er fruktane av borgarskap å hente på andre måtar:

Fordelane med å ta del i Good Country, ifølgje grunnleggjar Simon Anholt.

– Meir handfaste fordelar som eit eige pass, kjem kanskje seinare, men for no så handlar det å vere ein borgar av Good Country om kva du gjer, ikkje kva du mottek eller kor du bur, skriv Anholt.

Landet vert offisielt lansert i september 2019, men Anholt og Hung er allereie i gang.

– No aksepterer vi ein «første nasjon» av borgarar frå 150 land, som vil hjelpe oss med å teste systema våre før vi opnar dørene neste år, skriv Anholt.

Les også: Fire øyer som ikkje var øyer

Populært