Meny

Kjempar for å avstigmatisera abort på Færøyane

– Færøyane er eit veldig konservativt og kristent samfunn, der ein held på dei kristne verdiane og det at eit foster er eit liv, seier ungdomspolitikar Hervør Pálsdóttir. Ho får støtte frå Ungdomens Nordiska Råd og leiar i raud Ungdom Tobias Drevland Lund, som vil sikra fri tilgang til abort i heile Norden. Foto: Andrea Rygg Nøttveit
Færøyane har ei av Europas strengaste abortlover. Hervør Pálsdóttir (22) i Frítt Val – fyri fríari abort fryktar signaleffekten om Noreg skulle stramma inn abotlova.

– Det er så mykje skam knytt til det og det er skam om ein ikkje føler skam over å ha tatt ein abort. Me arbeider for at folk skal forstå at det er ok å ta ein abort og at ein skal våga å snakka om det. Det er betre å snakka om det reint psykologisk, seier Hervør Pálsdóttir på dansk.

Ho er leiar i det færøyske ungdomspartiet Unga Tjóðveldinum (Den unge republikken) og ein av initiativtakarane bak Frítt Val – fyri fríari abort.

Dei har opplevd å få både dødstruslar og fosterdukker lagt i postkassene på sine heimeadresser, men med 1200 underskrifter til støtte for fri abort meiner Pálsdóttir å sjå at dei konservative haldningane er i endring.

Les også: Seks ting du treng å vite om abort

Dansk abortlov anno 1956

I det sterkt religiøse øysamfunnet Færøyane har dei framleis den same abortlova som Danmark hadde i 1956. Det inneber at kvinner kan få innvilga abort av to legar om det er fare for liv og helse, om ho har blitt valdteken eller utsett for incest, eller på grunn av anten psykiske eller økonomiske problem.

Pálsdóttir forklarar at resultatet av dette er at legar gjerne skriv at deira pasientar er psykisk sjuke, sjølv om dei ikkje er det.

– Det er mange færøyske kvinner, som det står at er psykisk sjuke, men det er dei ikkje. Det hjelper om dei seier at dei tek livet sitt om dei ikkje får ein abort.

Legen risikerer inntil to års fengsel dersom dei gjennomfører ein abort som ikkje er lovleg. Ei slik kriminalisering meiner Pálsdóttir er svært bekymringsverdig.

Les også: Rekordlåge aborttal i 2017

Kvinner flyktar til Danmark

Ifølgje statistikken er det mellom 20 og 40 abortar på Færøyane årleg.

– Det er få, men det er òg mange unge kvinner som bur i Danmark for å studere. Me har ikkje så mange kvinner på Færøyene, så om det var fleire så ville kanskje talet vore høgare, seier Pálsdóttir.

I dag bur dei fleste unge kvinner utanfor Færøyane og den vesle øygruppa har eit aukande manneoverskot.

– Kvinner reiser til Danmark og gidder ikkje kome tilbake, fordi det er så konservativt. Ein har eit kvinnesyn som ein hadde for hundre år sidan, seier Pálsdóttir.

Ho meiner det er på tide at Færøyane vert eit meir likestilt samfunn med eit menneskesyn som passar inn i 2018 både med tanke på kvinner og seksuelle minoritetar. Fram til 2016 hadde landet verken ei partnarskapslov eller ekteskapslov der personar av same kjønn fekk lov å gifta seg.

Les innlegget: «Å elske er ein menneskerett»

Tek abort i Danmark

Ifølgje danske helsestyresmakter reiser fleire færøyske kvinner til Danmark for å få gjennomført abortar, men fordi mange av desse har dansk personnummer er ikkje statistikken fullkommen.

Ifølgje Pálsdóttir er dei fleste som tek abort på Færøyene kvinner i 30-40-åra som allereie har fleire barn og ikkje ynskjer fleire. Ho meiner dagens lovgjeving fører til at desse kvinnene mistar retten til å råde over eigen familie og karriere.

– Det er òg eit problem for unge kvinner, spesielt dei som er i gang med vidaregåande så dei kan kome på universitetet seinare. Dei kan ikkje reise til København med eit barn dersom dei er åleine, seier 22-åringen.

Ikkje minst er ho oppteken av konsekvensane for kvinner som ikkje har råd til å reise til Danmark for å ta abort på ein privatklinikk.

– Me har høyrt frå kvinner som har teke abort på Færøyane at dei har blitt dårleg behandla på sjukehuset. Kvinner er villige til å betale – eg trur det er 10.000 kroner – til ein privatklinikk i Danmark for å ikkje få dårleg behandling, seier Pálsdóttir.

Les også: KrFU stemte mot sjølvbestemt abort

– KrF sitt draumesamfunn

– Det er jo på mange måtar KrF sitt draumesamfunn og det er jo litt skummelt, seier leiar i Raud Ungdom, Tobias Drevland Lund.

Hans ungdomsparti har gått inn for å fjerna abortnemndene og innføra fri abort heilt fram til veke 22, men med obligatorisk oppfølging av lege etter veke 18.

– Som du snakkar om på Færøyane, har me nemnder i Noreg som avgjer om du får abort etter veke 12. Men i 90 prosent av tilfella så får ein medhald av nemnda, så det er ein slags formalitet som gjev kvinner ei dårlegare sjølvkjensle og trykker dei ned, seier Lund.

Pálsdóttir meiner norske kvinner i dag har ei god lov samanlikna med kvinner som kjempar for retten til fri abort andre stader i verda. Men både ho òg Lund er uroa over at nokre no foreslår å gjere regelverket strengare.

– Det gjer meg veldig bekymra når Erna Solberg er villig til å bruka kvinnens rett til sjølvbestemt abort som forhandlingskort i ei ny regjering med KrF og at dei òg let seg lokka med, så det er viktigare enn nokon gong å stå opp for dei rettane me allereie har, seier Lund.

Les også: KrFU vil setje krav om abortinnstramming

Norden saman

Dei to ungdomspolitikarane har delteke på Ungdomens Nordiska Råd, der ungdomspolitikarar frå heile Norden møtast for å diskutera saker på tvers av landegrenser.

I år har rådet vedtatt ein resolusjon om lik tilgang til abort i alle dei nordiske landa og at færøyske myndigheiter skal arbeide mot ei endring i lovene som sikrar færøyske kvinner retten til å bestemme over eigen kropp.

– Eg synest at alle dei nordiske landa skal stå saman og arbeide for at alle kvinner skal ha fri abort i dei nordiske landa. Me må gå framfor og vere eit godt døme i verda, fordi det er så mange kvinner i verda som har det mykje verre enn på Færøyane, seier Pálsdóttir.

Ungdomens Nordiska Råd meiner òg at Island og Finland, som i praksis har fri abort, sjølv om den formelle avgjerda ligg hjå ein annan autoritet, bør arbeide mot at kvinna får den formelle retten til å avgjera.

I dag er det berre Sverige som tilbyr fri og gratis abort til alle kvinner, uavhengig av om dei er svenske statsborgarar. Denne modellen meiner Ungdomens Nordiske Råd bør innførast i alle nordiske land for å sikra dei som ikkje har tilgang til fri abort i heimlandet.

Les også: Tapte kampen om ny abortlov i Argentina

Ikkje fleirtal for abortliberalisering

Ifølgje Pálsdóttir er det ikkje fleirtal i befolkninga på Færøyane for å endra dagens lovgjeving, difor verken trur eller håpar ho på ei folkeavstemming, som i Irland.

– Eg synest ikkje at det er alle menneska på Færøyane som skal bestemma om ei kvinne skal få ta abort. Politikarane er blitt valt for å ta avgjerder, så det kan dei godt gjere. Det handlar om menneskerettar og dei skal ikkje til folkeavstemming, seier ho.

Å ta eit politisk standpunkt for abort er langt frå populært på Færøyane, men ungdomspolitikken varslar om eit haldningsskifte.

Reagerer på den norske debatten

– Kva lov kjempar de for?

– Me kan nøya oss med 12 veker, men me har ikkje sett eit konkret tal og synest at me bør ha spesialistar som gjev råd om kva som er best. Me kjempar berre for fri abort, seier 22-åringen.

Ho er òg uroa for at det å gå for fort fram kan føra til at lovgjevinga vert verre, og viser til stemmer som tek til orde å forby abort.

– Trur du lova på Færøyane kjem til å verta endra?

– Ikkje akkurat no og ikkje til neste valperiode, men om ti år så trur eg at ho er endra, seier Pálsdóttir.

Populært