Fekk du med deg at dette landet skifta namn i vår?

Swaziland, nå Eswatini, er omslutta av Sør-Afrika, og grensar til Mosambik i aust.
Swaziland, nå Eswatini, er omslutta av Sør-Afrika, og grensar til Mosambik i aust. Foto: Klim Levene/CC BY 2.0
Artikkelen fortsetter under annonsen

I anledning 50-årsjubileet til landet, vart namnet på kongedømmet Swaziland endra til Eswatini.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det var 19. april i vår at kong Mswati III av det tidlegare Swaziland annonserte namnebytet. Datoen markerte både 50-årsdagen for sjølvstende frå Storbritannia, og tilfeldigvis også kongens 50-årsdag.

Bakgrunnen for bytet var å bryta heilt med kolonifortida, og samstundes å få slutt på forvirring mellom «Swaziland» og «Switzerland».

Swaziland er eit monarki, og ligg omslutta av Sør-Afrika, med grense til Mosambik i aust. Det er regionens minste land med rett over 17 000 kvadratkilometer. Norge er til samanlikning 385 000 kvadratkilometer.

Men nå finst altså ikkje Swaziland lenger, berre «eSwatini». I eit eineveldig monarki skal det ikkje meir til enn at kongen bestemmer seg. Kong Mswati III er ein av svært få kongar som er att i Afrika, som også er statsleiar.

Les også: Ein ny, sosialdemokratisk bistandspolitikk

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Tidlegare britisk protektorat

Eswatini var eit britisk protektorat frå slutten av 1800-talet, heilt fram til 1968. Frå 1973 av har landet vore eit einevelde, og slått ned på alle demokratiske framstøt. Dagens konge har sete ved makta sidan 1986.

Den doble 50-årsfeiringa blei prega av store demonstrasjonar . 63 prosent av befolkninga lever under den nasjonale fattigdomsgrensa . Samstundes anslår ein at kongen har ei formue på omlag 200 millionar dollar. Det er altså kan henda ikkje alle som meiner namnebytet er førsteprioritet.

Innføringa av det nye namnet har dessutan gått alt anna enn knirkefritt. I hovudstaden Mbabane er det framleis ein drøss med statlege institusjonar, inkludert sentralbanken, som endå ikkje har endra namn.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det same gjeld vegskilt, pengesetlar og Utanriksdepartementet sine nettsider om landet.

Eitt anslag på kva alle utgifter relatert til namnebytet vil kosta plasserer summen på omlag seks millionar dollar. Det er ei stor utgift for eit land med samla GDP på omlag 36 milliardar kroner. Berre nokre milliardar meir enn det norske bistandsbudsjettet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Dette er verdas verste humanitære krise

Hevdar namnebytet er grunnlovsstridig

Ein menneskerettsaktivist i landet har nå gått til sak mot namnebytet. Endringa er ikkje berre sløsing av offentlege midlar, men også grunnlovsstridig.

«Kva lov nytta han når han endra namnet på landet?», spurde aktivisten, og viste til at grunnlova bruker namnet Swaziland. Han stilte seg spørrande til om kongen eigenhendig kunne endra grunnlova.

Andre peiker på at namnebytet understrekar kongens autoritære framferd.

Ein talsperson for myndigheitene svara at Eswatini var namnet ein nytta før den britiske koloniseringa. «Kongen berre gjeninnførte det offisielle namnet på landet, det er alt. Han trong ikkje konsultere for å gjere nett det.»

Medan Swaziland er ei anglifisert samansetning av namnet på det dominerande folkeslaget – swazi – og land, tyder Eswatini ganske enkelt «staden til swaziane» på siswati. Siswati er eitt av to offisielle språk, ved sida av engelsk.

Les også: Kva skjer no i Sverige?

Artikkelen ble først publisert på Framtida.no.