Island sin tidlegare innanriksminister synte FBI på dør

Ögmundur Jónasson gav FBI-agentane ordre om å stogge all aktivitet på Island med det same. Foto: Wikimedia Commons/CC BY-SA 2.0
Ögmundur Jónasson gav FBI-agentane ordre om å stogge all aktivitet på Island med det same. Foto: Wikimedia Commons/CC BY-SA 2.0
Artikkelen fortsetter under annonsen

Island sin fyrste innanriksminister, Ögmundur Jónasson, fortel om då FBI freista å etterforske WikiLeaks ulovleg på Island. Det ville han ikkje vita av.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Mot slutten av august 2011 sende amerikanske styresmakter eit fly fullt av FBI-agentar til Island, som ynskte å samarbeide med oss. Det var ein operasjon mynta på å setja fast Julian Assange og WikiLeaks, og få islandske styresmakter til å hjelpa seg med det, seier Ögmundur Jónasson til Framtida.no.

Fakta, Julian Assange og rettsprosessane

  • Fleire leiande personar i Wikileaks, inkludert Julian Assange, hadde dei siste par åra før 2011 opphalde seg på Island og kjent at dei hadde ei trygg hamn der.
  • På det aktuelle tidspunktet innanriksminister Jónasson referer til, oppheldt Assange seg i England.
  • I november 2010 hadde Sverige etterlyst Assange internasjonalt på grunn av mistanke om at han var skuld i to seksuelle lovbrot.
  • Assange melde seg hjå britisk politi påfylgjande månad. Ti dagar seinare slapp han fri frå britisk varetekt gjennom ein kausjonsavtale.
  • I 2012 søkte Assange ly hjå den ecuadorianske ambassaden i London, der han fekk asyl. Dimed braut han dei britiske kausjonsvilkåra frå desember 2010. Dette er grunnen til at Assange vil verte arrestert av britisk politi om han forlèt den ecuadorianske ambassaden i London.
  • Det er ikkje kjent om Storbritannia vil utlevere Assange til USA, skulle USA be om det.

Jónasson var Island sin innanriksminister på det aktuelle tidspunktet, for partiet Vinstri græn, Det Grøne Venstrepartiet.

Tidlegare talsmann i WikiLeaks, Kristinn Hrafnsson, seier ein storjury i USA alt hadde starta ei hemmeleg etterforsking av Assange før flyet med FBI-agentar landa på Island i august 2011. Denne etterforskinga har ikkje med dei moglege valdtektene i Sverige å gjera, men med Assange sitt arbeid i WikiLeaks.

Pressetalskvinne i FBI, Carol Cratty, har opplyst overfor Framtida.no at dei ikkje vil kommentere om dei hadde ei etterforsking gåande mot Assange i 2011.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I ein artikkel i New York Times i frå 2013, derimot, stadfestar ein talsmann frå justisdepartementet til USA at dei «etterforskar saker som involverer WikiLeaks, og at den etterforskinga held fram». Talsmannen ynskte ikkje å koma med detaljar.

Les også: Palestinsk jente lauslaten frå fengsel vekkjer åtgaum

Jónasson: – Eg hadde ei moralsk plikt til å stogga dei

FBI-agentane landa grytidleg om morgonen ein sein augustdag i 2011, utan at innanriksminister Jónasson hadde den ringaste aning om det. Litt seinare ut på morgonen kom det han for øyro.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Dei ynskte å avhøyra nokre folk på Island, men eg ville ikkje ha noko med dette å gjera. Difor gav eg ordre om at heile operasjonen deira måtte instillast med det same, seier Jónasson.

– Kom dei med rutefly eller eit eige fly?

– Det var eit eige fly, berre med desse folka. Og då eg fekk høyre om at flyet hadde landa, hadde dei alt starta med å organisera intervju av islandske politifolk av høg rang.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Kva fekk dei gjort før du greip inn?

– Dei hadde mest ikkje kome i gong i det heile. Dei var på veg mot politihovudkvartera då eg fekk stogga dei.

– Var du redd for å setja deg oppimot dei slik?

– Nei, ikkje i det heile. Eg såg på det som ei moralsk plikt å gjera det. Utanlandske politimenn opererte på Island utan løyve, og då var eg, som innanriksminister, plent nøydd til å stogga dei, seier Jonasson.

FBI-agentane fekk dinest opphalda seg på Island som turistar, og dei vart verande nokre dagar til utan å få gjera meir politiarbeid.

Framtida.no har spurt FBI om organet verkeleg gav seg i kast med å etterforske WikiLeaks på Island i august 2011, og om det er sant at dei kom til Island utan løyve. Me har òg spurt om dei vart overraska då innanriksminister Jónasson gav agentane ordre om å stogge all aktivitet og instruerte islandsk politi til ikkje å samarbeide med dei.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Pressetalskvinne Carol Cratty har informert Framtida.no om at FBI ikkje vil kommentera dette.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: George Orwell kan ha fått tuberkulose under den spanke borgarkrigen

Nesten to år seinare fekk New York Times-lesarar høyra om episoden

Det tok nesten to år før nyhenda om at Jónasson hadde vist FBI på dør, nådde noka stor avis. The New York Times fanga opp saka sumaren 2013, etter at dåverande talsmann for WikiLeaks, islandske Kristinn Hrafnsson, januar same året hadde fortalt på islandsk fjernsyn om det som hadde skjedd.

– Kristinn kom og spurde meg om eg kunne stadfeste at FBI hadde kome til Island, og eg sa at det kunne eg. Eg tenkte som so at dette ikkje er noko å halda stilt om i det heile, so eg har alltid tala fritt om dette, seier den tidlegare innanriksministeren.

Jónasson seier at å aksjonere mot WikiLeaks aldri var på hans agenda som innanriksminister.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det skal vera visst at eg ikkje ynskte å ha noko med desse folka (frå FBI) å gjera i det heile. Tvert om, so ser eg på Julian Assange, Chelsea Manning og Edward Snowden som folk som har gjort ei stor teneste til oss som bur i frie, opne samfunn. Eg meiner at me er dei ei stor takk skuldig.

FBI prøvde seg med list

Ögmundur Jónasson høyrde fyrste gongen frå FBI to månader innan dei landa på Island for å etterforske WikiLeaks.

Den prisløna, undersøkjande journalisten Kristinn Hrafnsson er tidlegare talsmann for WikiLeaks, og framleis aktiv i organisasjonen. Det var gjennom han at nyhenda om at FBI hadde freista å drive ulovleg aktivitet på Island vart kjent. Foto: Wikipedia CC BY-SA 3.0
Den prisløna, undersøkjande journalisten Kristinn Hrafnsson er tidlegare talsmann for WikiLeaks, og framleis aktiv i organisasjonen. Det var gjennom han at nyhenda om at FBI hadde freista å drive ulovleg aktivitet på Island vart kjent. Foto: Wikipedia CC BY-SA 3.0

– Dei sa at dei hadde kunnskap om hackarar som ynskte å øydeleggje viktig programvare her på Island. Dei snakka generelt, men nemnde at energi- og finansministeria kunne vera truga av åtak.

Ögmundur seier at Island sjølvsagt var interessert i å høyra det USA måtte vite om moglege trugsmål frå datasnokar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Me sende folk frå det islandske politiet til USA, men ikkje mykje kom ut av dette. Eg mistenkjer at heile greia var noko dei sette opp for å knyta kontaktar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Jónasson seier dei framstilte det som at det var veldig alvorleg, og at dei difor ynskte å hjelpa islandske styresmakter med å handtera det.

– Eg hadde mine reservasjonar omkring dette, og mistenkte at ei hjelpande hand kunne verta ei manipulerande hand, seier Jónsson.

Informerte statsministeren om ulovlege agentar

FBI-agentane landa på den islandske innanlandsflyplassen inne i Reykjavik vel to månader etter at islandske politifolk hadde vore i USA. Agentane refererte til kontakten dei hadde hatt med islandsk politi omkring mogleg hackaraktivitet på Island.

REYKJAVIK LUFTHAMN: Lufthamna ligg to kilometer frå Reykjavik sentrum, og er ei innanlandslufthamn. I tillegg går fly til Grønland herifrå, og visse internasjonale charterflygningar. Foto: Konstantin von Wedelstaedt / Wikipedia Commons
REYKJAVIK LUFTHAMN: Lufthamna ligg to kilometer frå Reykjavik sentrum, og er ei innanlandslufthamn. I tillegg går fly til Grønland herifrå, og visse internasjonale charterflygningar. Foto: Konstantin von Wedelstaedt / Wikipedia Commons

– Eg mistenkjer at dette var deira måte å skaffa eit påskott til å gjera det dei ynskte, seier Jónasson.

Jónasson tala aldri direkte til nokon av agentane.

– Eg gav berre ordre om at politiet vårt skulle stogge alt samarbeid med dei, og informerte statsministeren og utanriksministeren vår om at dei opererte ulovleg i landet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Somme islandske parlamentarikarar var usamde med Jónasson og kritiserte han seinare i det islandske alltinget for at han handla slik han gjorde.

– Me bør ikkje ta del i nokon freistnad på å bringa dei til tystnad

Det har i det siste versert rykte om at Ecuador, som huser Julian Assange i sin ambassade i London, vurderer å utlevere han til britiske styresmakter. Assange og dei som støttar han, fryktar at han i so fall kan verta utlevert vidare frå Storbritannia til USA.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Har du gjort deg tankar desse åra om rettsprosessane i Sverige og Storbritannia mot Assange, og det at han har søkt dekning i den ecuadorianske ambassaden i London?

– Eg kan ikkje seie at eg kjenner Julian Assange personleg, sjølv om eg har møtt han eit par gonger. Eg kjenner arbeidet til WikiLeaks, og måten arbeidet til bidragsytarane der har opna augo våre for ting som bør gjelda oss alle. Me bør beskytta medlemene, og ikkje ta del i nokon freistnad på å bringa dei til tystnad, seier Jónasson, og legg til:

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Om Assange vert overlevert til britiske styresmakter, og so til amerikanske, so er det ille. Me veit korleis amerikanarane handsamar folk som har gjort slike handlingar som Assange har gjort seg skuldig i. Eg brukar ordet handlingar, og ikkje brotsverk, for det er handlingar han har gjort seg skuldig i gjennom WikiLeaks, og ikkje brotsverk, seier Jónasson.

Saken er først publisert på Framtida.no

Fakta om Wikileaks-aktivitet i året 2010 fram til oktober, då ein hemmeleg amerikansk storjury hadde opna sak mot Julian Assange og Wikileaks.

  • Wikileaks avdekka tortur og krigsbrotsverk i eit systematisk omfang, og avdekka også amerikanske lygner som tok sikte på å skjule den brutale sanninga om krigane.
  • Den amerikanske, hemmelege etterforskinga av Assange starta seinast i oktober 2010,alt før Sverige i november 2010 kunngjorde at dei ynskte Assange utlevert for mistanke om valdtekt.
  • Varslarnettstaden Wikileaks, grunnlagt av Julian Assange, kom med fleire viktige lekkasjar mellom åra 2006 og 2010. Men det var fyrst i april 2010 at organisasjonen verkeleg vart verdskjent, då dei publiserte fleire hemmelegstempla USA-dokument og videoar, især som skreiv seg frå USA sine krigføringar i Irak og Afghanistan.
  • Fyrst ut var videoen «Collatoral murder» i april 2010. Den synte mellom anna videopptak frå 2007 i eit amerikansk Apache-helikopter i aksjon i Irak, der soldatane i helikopteret ler medan dei fyrst myrdar uskuldige og so etterpå dei som kjem til for å hjelpe.
  • I juli 2010 vart mellom anna krigsloggar frå Afghanistan offentleggjorde. Her kom det mellom anna fram at dei afghanske invasjonsstyrkane hadde drepe hundrevis av sivile utan at det ein gong vart rapportert om eller laga noko som helst sak av i det heile.
  • I oktober 2010 vart fleire krigsloggar frå Irak publiserte. Det amerikanske forsvarsdepartementet omtala krigsloggen som den største lekkasjen av hemmelege dokument i departementet si historie. Noko av det som kom fram var at talet på drepne sivile i krigen var langt høgare enn det USA hadde operert med offentleg. Fleire krigsbrotsverk frå amerikanske styrkar vart òg lagde for dagen. I tillegg synte det seg at USA-styresmakter ikkje hadde gjort noko for å etterforske hundrevis av tilfelle av misbruk, tortur, valdtekt og mord utført av irakiske soldatar og politistyrkar i irakiske fengsel. Det vart jamvel avslørt at USA hadde ein offisiell politikk på å ikkje etterforske misbruk som vart utført av dei same irakiske styresmaktene som USA sjølv hadde hjulpe til makta.
  • I november 2010 kom «Cable gate», der lekkasjar frå amerikanske ambassadar kringom i verda vart sleppte av Wikileaks. Blant titusenvis av andre ting kom det fram løyndomar om det norske kampflykjøpet frå desse lekne ambassadekorrespondansane.
  • Den massive Cable gate- lekkasjen kom derimot etter at USA alt hadde byrja ei hemmeleg, kriminell etterforsking av Julian Assange, går det fram av ein artikkel i The New York Times. Dei skriv at etterforskinga mot Assange starta seinast i oktober 2010.