Verdas fyrste insektfabrikk av sitt slag i Sverige

RASK VEKST: På berre tolv dagar vert soldatflugelarvene feite og slakteklare.
RASK VEKST: På berre tolv dagar vert soldatflugelarvene feite og slakteklare. Foto: Vesa Hiltula/ Lilla Nyby återvinningsstation
Artikkelen fortsetter under annonsen

På ein attvinningsstasjon i Södermanland går det eit prøveprosjekt føre seg der larvar frå den amerikanske soldatfluga omdanar matavfall til næringsrikt fôr og gjødsel.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Me gjer dette for å redde jorda. Det er det me held på med her i Eskilstuna. Det er vår visjon her på Återvinning i Eskilstuna og Strängnäs, seier Vesa Hiltula, sjef ved Lilla Nyby återvinningsstation i Eskilstuna.

– Er dette pilotprosjektet det fyrste i verdshistoria for aling av soldatflugelarve med matavfall?

– So vidt me veit, so er det det fyrste pilotprosjektet av denne typen, svarar Hiltula.

Attvinningsstasjonen samlar inn kompost i Eskilstuna og omegn som dei forar larvane med, etter inititativ frå Sveriges Lantbruksuniversitet, SLU. Føremålet med prosjektet er ikkje å ta patent og tene store pengar.

– Me ynskjer berre å redde jorda. Ikkje minst ynskjer me at denne teknikken kan kome Afrika til gode. Då me fekk førespurnad om å vere med på dette prosjektet, var det eit viktig vilkår for oss at teknikken skal liggje open til bruk for heile verda etterpå, seier Viltula.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Han fortel at representantar frå dei baltiske landa og Russland so langt har teke kontakt og vist stor interesse for prosjektet. I Russland og Baltikum ynskjer dei å satse i kommersiell skala.

Les også: Satsar på insekt: – Heilt naturleg å ete insektprodukt

GODT FOR GRØDA: Avfallet etter larvane, når dei sjølve har ete matavfall, høver godt som jordforbetringsmiddel. Foto: Vesa Hiltula/ Lilla Nyby återvinningsstation
GODT FOR GRØDA: Avfallet etter larvane, når dei sjølve har ete matavfall, høver godt som jordforbetringsmiddel. Foto: Vesa Hiltula/ Lilla Nyby återvinningsstation

Ikkje berre bra fôr, «frassen» er også verdfull

Hyllevis på hyllevis av store plastboksar er stabla bortover i anlegget. I kvar einaste boks vert 20.000 nyklekte larvar plasserte i hop med matavfall innsamla frå hushaldningar i Eskilstuna og omegn.

I fyrstninga er larvane berre nokre millimeter store, men dei veks raskt etter kvart som dei forsyner seg av matavfallet. Etter tolv dagar har dei vorte 200 gonger so store, og er slakteklare.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Etter som larvane et og fordøyar matavfallet, skil dei ut dei næringsstoffa som kroppen deira ikkje tek opp.

Denne larveavføringa er i praksis jord, og ei framifrå gjødsel. Svenskane kallar dette for frass, og det skal vere svært veleigna til å ha i åkeren.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Heile prosessen tek, som nemnd ovanfor, tolv dagar. Til samanlikning tek det tre månader før matavfall vert til kompost ved den tradisjonelle metoden.

Les også: Finland opnar opp for insekt som mat

Kan bidra til å hindre rovfiske og øyding av regnskogar

– Miljøvinstane om me slepp å importere soya frå Søramerika som dyrefôr er enorme, seier Vesa Hiltula.

Insekt og insektlarvar er naturleg føde for altetarar som svin, fugl og fisk. Soldatflugelarvane består nesten utelukkande av proteinar og feitt, og høver soleis særskilt godt som føde.

Larvane kan vere eit alternativ til soya og fiskemjøl i dyrefôr. Slik kan dei bidra til å redusere etterspurnaden etter fisk som er fanga med trål eller på anna lite berekraftig vis.

Kraftfôret som mange norske husdyr får i dag kjem frå utlandet, og er laga av soya. Brasil er verdas største soyaeksportør, og den viktigaste leverandøren av soya til Noreg.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Soyaproduksjon har fått direkte skulda for noko av avskoginga i Amazonas.

Sjølv den soyaen som ikkje er i direkte konflikt med regnskogen, kan vere det indirekte. Soyaproduksjonen bind store jordområde, som igjen kan føre til at andre bønder eller næringsinteresser høgg regnskog for å drive matproduksjon.

Les også: Et insekt, redd planeten

Artikkelen ble først publisert på Framtida.no.