40-årsjubileum for oppdaginga av Pluto sin største måne

Dette nærbiletet av månen «Karon» syner at det er eit variert landskap der. Blant anna ser me den djupe og vide kløfta «Serenity Chasma».
Dette nærbiletet av månen «Karon» syner at det er eit variert landskap der. Blant anna ser me den djupe og vide kløfta «Serenity Chasma». Foto: Johns Hopkins University Applied Physics Laboratory/Southwest Research Institute
Artikkelen fortsetter under annonsen

For tre år sidan nådde ein romsonde fram til denne fjerne månen. Han tok høgoppløyselege nærbilete som syner eit forunderleg landskap.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I sumar er det førti år sidan den største månen til planeten Pluto, Kharon, vart oppdaga. Det opplyser vitskapsformidlaren Anne Mette Sannes i ei pressemelding.

Pluto sjølv vart berre oppdaga 48 år før det igjen, i 1930, av den amerikanske astronomen Clyde Tombaugh.

Pluto er i dag karakterisert som ein dvergplanet, sidan han berre har ein sjettedel av massen og ein tredjedel av volumet til vår eigen måne.

Det var litt tilfeldig at den største månen til Pluto, Kharon, vart oppdaga sumaren 1978. Medan vitskapsfolk i Arizona forska på Pluto si bane kring sola, fekk dei auga på det dei tykte var ein utvekst på den eine sida av planeten.

Etter kvart synte det seg i staden at dei hadde sett ein måne som ligg tett opp mot dvergplaneten. Stundom vert dei omtala som èin dobbelplanet.

Les også: Støvstorm herjar mars

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Planeten Pluto: Ein eineståande grafittikunstnar

Ein romsonde vart sendt ut frå jorda i retning mot Pluto og Kharon for tolv år sidan. I 2015 passerte han berre 29 000 kilometer frå Kharon. Han tok høgoppløyselege nærbilete av månen, og astronomane vart overraska av det dei fekk sjå.

Noko av det som imponerte dei, var dei store fargevariasjonane i landskapa på Kharon. Mest slåande er den mørkeraude polheimen i nord.

Denne raudfargen har Kharon fått ifrå Pluto. Metangass stig opp frå Pluto sin atmosfære, og når desse gassane so fer ut i verdsromet, vert dei «fanga» av tyngdekrafta til naboen Kharon. Nordkalotten til denne månen dreg til seg gassen fyrst, og der frys han og vert til ei raud, isete overflate.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Forskingsmagasinet Nature kallar Pluto for ein grafittikunstnar som spraymålar månen sin og gjev han eit raudt fargeområde på storleik med landet Mexico.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er kjemiske prosessar i samband med ultrafiolett stråling frå sola i verdsromet som gjer at metanen på Kharon vert raud på let.

Les også: Sjeldant månefenomen – blå supermåne vart raud

Svære fjell og storslagne, tektoniske kløfter

Forskarane hadde venta å sjå ein måne som var full av sår og krater etter kometar. I staden såg dei gigantiske fjell. Dei oppdaga òg eit belte av kløfter og sprekker fire gonger so langt som Gran Canyon, og dobbelt so djupt.

Dei ber vitne om at denne månen har gått gjennom store geologiske omveltingar opp gjennom den astronomiske historia. Forskarane trur at månen framleis i dag har vulkansk aktivitet, og at det er geysirar på han.

Men trass i dette har dei ein teori om at eit forhistorisk hav har skapt mykje av landskapsformasjonane. Dei trur dette forhistoriske, underjordiske havet ein gong fraus til og dimed utvida seg. Dette kan ha skapt dei sprekkene i månelandskapet med tektoniske kløfter som er omtala ovanfor.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det har lenge vore spekulert i om det finst vatn på andre himmellekamar enn jorda, og forskarane trur det kan vere vatn på Kharon.

Les også: Fann planet som er nesten heilt lik jorda

Namn frå gresk mytologi

Planeten Pluto er oppkalla etter den greske guden Pluton. (Pluton og Hades er to namn på den same greske guden.) Pluton hadde si eiga underverd, omgjeven av fem mytiske elver. Ei av elvene heiter Acheron, og ho er vanskeleg å ta seg over. Men ein ferjemann som heiter Kharon ferjar folk over den elva.

Månen Kharon ferjar ingen over til Pluto, men han er dvergplaneten sin næraste fylgjesvein i verdsrommet, på den evige ferda kring sola.

Les også: Organisk materiale funne på Mars