Meny

Iranske ungdommar pressa til å tilstå usømeleg framferd i moraliserande TV-program

Maedeh Hozhabri vart arrestert tidlegare i år på grunn av dansevideoane ho har lagt ut av seg sjølv på Instagram. Foto: Privat
Bileta av iranske ungdomar som tilstår usømeleg framferd i tv-programmet «Blindspor» har harma breie lag av det iranske folket.

I april i år vart fleire unge dansarar og danseinstruktørar arresterte i Iran for umoralsk og usømeleg framferd. Blant dei var tenåringsjentene Maedeh Hozhabri, Elnaz Qasemi og ei anna jente som berre går under namnet Shadab. Avisa Voa Persian melder at det ikkje er kjent kvar sistnemnde for tida oppheld seg.

Gjeldande iransk lovverk forbyd kvinner å danse offentleg. Dei har heller ikkje lov til å gå i tettsitjande klede offentleg eller syna seg utan hijab. Lova er òg gjeldande innanfor heimens fire vegger når menn som ikkje er frå næraste familie er til stades.

Dei arresterte jentene hadde lasta opp bilete og videosnuttar av seg sjølve medan dei dansar heime. Ettersom dei ikkje dansa offentleg har dei utfordra eit smutthól i det iranske lovverket.

Dansefilmane vart populære. Til dømes fekk Maedeh Hozhabri sin Instagram-konto heile 600 000 Instagram-fylgjarar, i hovudsak i heimlandet.

Les også: 500 år sidan den store dansepesten 

Opptaket av stridgråtande Hozhabri har vekt oppsikt

Jentene skal ha betalt kausjon og sluppe fri frå fengsel tre dagar etter arresten. Elnaz Qazemi kom seg ut av Iran etterpå, medan Hozhabri skal ha vorte nekta utreise.

Det var på fredag at Hozhabri og fleire dansarar stod fram i fjernsynsprogrammet «Blindspor» og innrømte at dei hadde lasta opp videoar og foto på Instagram for å få fylgjarar.

Menneskerettsaktivistar og andre har sagt at opptaket ber preg av å vere ei tvungen tilståing. Især har bileta av 17 år gamle Maedeh Hozhabri gjort inntrykk på folket.

Stridgråtande forklarar ho at ho dansa berre fordi ho likar det og at ho ikkje hadde trudd at ho ville verte arrestert. Ho seier òg at ho ikkje har hatt vonde intensjonar og at ho ikkje meinte å oppmode andre jenter om å fylgje hennar døme.

Andletet hennar er skjult i tv-opptaket, men Instagram-tilhengjarar kunne kjenne henne att.

Les også: Gulizer Tamdemir vart utlevert frå Noreg. Arrestert i Tyrkia

Folket viser solidaritet

Folk har late seg provosere over styresmaktene, og mint om at mektigare folk i landet gjer verre ting og slepp unna med det.

Som døme held den spanske avisa El País fram den modige twitter-brukaren Mehdi Mahdavi Azad. Azad går til åtak på ein koranopplesar, (Qiraàt-opplesar) Saeed Toosi. I forfjor vart Toosi skulda for å ha valdteke nitten born og unge, men slapp unna straff. Azad og andre spør seg sjølve kvifor iranske styresmakter straffar dansande jenter, men ikkje slike mektige lovbrytarar.

Iranarar viser solidaritet på sosiale medium med hashtagen #Maedeh_Hozhabri. Andre populære hashtagar har vore lat oss danse og dansing er ikkje eit brotsverk /dancingisnotacrime. Både i Iran og utomlands lastar folk opp videoar av seg sjølve medan dei dansar, i solidaritet med dei iranske dansarane.

Les også: Sat fire år i fengsel i Iran og vart utsett for tortur

Dans er brennbart i landet: Fengsel og piskeslag

Dette er ikkje fyrste gongen at dans fører til bråk i det prestestyrte landet. Fire år tilbake vart tre gutar og tre jenter arresterte etter at dei hadde lasta opp ein video på youtube der dei dansar til den kjende songen happy.

Ungdomane vart dømde til seks månader i fengsel og 91 piskeslag. Også den gongen måtte styresmaktene tole mykje kritikk, og hashtaggen freehappyiranians gjorde seg gjeldande.

Elpaís melder og at borgarmeisteren i hovudstaden Teheran måtte gå av tidlegare i år fordi born dansa under ei tilstelling i regi av rådhuset i byen.

Attpåtil vart ein høgtståande iransk tentestemann i den heilage byen Mashdad arrestert i april i år på grunn av ein dans. I eit videopptak som kom voktarrådet for augo kunne ein sjå at jenter og gutar dansa offentleg i Mashdad, tilsynelatande utan at ordensmakta greip inn. Den høgtståande tenestemannen vart dømt for å ha førsømt god takt og tone.

Les også: Homo-lov i Egypt vekkjer sterke reaksjonar

Populært