Dette skjer om jorda snurrar andre vegen

Kva skjer om jorda snurrar andre vegen? Sjå animasjon i videoen over.
Artikkelen fortsetter under annonsen

Tenk at eitt eller anna fekk jorda til å snurre andre vegen, korleis ville jorda sett ut? Meir gras og mindre ørken er eitt av svara i ein ny studie, og i bakvendtland hadde Noreg blitt endå kaldare.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Ein asteroide , som er stor nok til å snu jorda, ville nok gjort jobben litt for godt, seier Florian Ziemen i eit intervju med eos.org.

Florian Ziemen sette jorda i revers, berre for å sjå kva som då skjer. Foto: Max Planck Institute for Meteorology
Florian Ziemen sette jorda i revers, berre for å sjå kva som då skjer. Foto: Max Planck Institute for Meteorology

I staden har forskarane ved Max Planck Institute for Meteorology i Hamburg har stoppa all bevegelse i vatn og luft, som er resultat av jorda si snurring. Så reverserte dei Corioliseffekten, som er den krafta som drar på all masse som er i bevegelse på ein planet som roterer. Til slutt snudde dei sola og lét jorda snurre baklengs i sju tusen år. Alt i ein datamodell, heldigvis.

Grønt i Sahara

Funna viser ei jord som ser heilt annleis ut enn i dag. Dei dominerande vindretningane snur, og havstraumar endrar seg. Slikt fører med seg endringar i temperatur og nedbør. Temperaturskilnaden frå Europa til det austlege Sibir blir snudd på hovudet. Sahara blir grøn og frodig, medan store delar av det sørlege USA, Brasil og Argentina blir ørken. Det blir også ei veldig oppblomstring av blågrønnbakteriar i det Indiske hav.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Studie viser 99,94 prosent semje om klimaendringar

At vind frå aust til vest gav mildare klima til USA sin vestkyst og harde vintrar i Europa var venta, medan eit grønt Sahara var meir overraskande.

– Den bakvende jorda har fleire grøne område, noko som vi definitivt kan sjå som ein pluss, men det kjem an på kvar du bur. Om du bur i Vest-Europa har du det mykje betre på den faktiske jorda, for vintrane er verkeleg kalde der i den bakvende, seier Ziemen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Stoppar viktig havstraum

Klimasystema er komplekse og vanskelege å forstå. Og endringar på ein klode som snurrar baklengs kan hjelpe oss å forstå grunnleggande mekanikkar. Men sidan vi berre har ei jord, og ingen kopi å gjere eksperiment på, kan dataforsøk gje nyttig informasjon som peike oss i rett retning.

LES OGSÅ: Metan-utsleppet frå norsk olje og gass kan vere dobbelt så stort som rapportert

Artikkelen fortsetter under annonsen

Noko det blir forska mykje på for tida, er den nordatlantiske straumen som tar med seg noko av det varme vatnet frå golfstraumen opp og forbi Norge. Der blir vatnet avkjølt, og isdanning og fordamping tar tar med seg ferskvatn og gjer vatnet saltare. Då blir vatnet tyngre og søkk til botn, der det blir frakta sørover igjen med ein djuphavsstraum.

Thermohalin sirkulasjon er ordet som blir brukt for å beskrive dei havstraumane som i stor grad er styrt av saltinnhald og temperatur. Forskarane som sette jorda i revers meiner å ha funne ut at fasong på havområda spelar mindre rolle. Illustrasjon: European Space Agency
Thermohalin sirkulasjon er ordet som blir brukt for å beskrive dei havstraumane som i stor grad er styrt av saltinnhald og temperatur. Forskarane som sette jorda i revers meiner å ha funne ut at fasong på havområda spelar mindre rolle. Illustrasjon: European Space Agency

Ein del forskarar er uroa fordi det ser ut til at den nordatlantiske straumen er svekkt, og ein kollaps vil føre til svært kaldt klima hos oss. Dei leitar etter årsaka, men mykje peikar på at endring i saltinnhaldet spelar ei stor rolle. Polaris som smeltar gjer vatnet mindre salt. Det bremsar sirkulasjonen. Andre meiner at vindane, som driv vatnet oppover, vil halde straumen ved like.

Styrt av vind og ferskvatn

Ziemen meiner at forsøket hans viser at det verken er forma eller storleiken på havbassenga, eller oppdeling av havområda, som bestemmer kva veg straumane går. I staden er det dei dominerande vindretningane og transporten av ferskvatn som er avgjerande.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

På jorda vår blir ferskvatn mellom anna transportert frå Atlanterhavet med fordamping og skyer, og i forsøket blir denne transporten snudd til fordel for Stillehavet. Då oppstod det ein liknande straum der i staden.

Kva konsekvensar får dette for den ekte nordatlantiske straumen? I alle fall er det godt nytt at vindretningane har ei avgjerande rolle, for jorda snur nok ikkje med det første. Samtidig er saltinnhaldet svært viktig. Spørsmålet er om det blir transportert vekk nok ferskvatn til å demme opp for at polisen smeltar.

Les også: Unge Høgre vil seie nei til oljeboring

Saken er først publisert på Framtida.no