Difor blei det ulovleg å bruke bokstaven «N» i Kina

Xi Jinping kan bli sittande som kinesisk president i lang tid. Foto: Global panorama/Flickr.
Xi Jinping kan bli sittande som kinesisk president i lang tid. Foto: Global panorama/Flickr.
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sundag vart det umogeleg for kineserar å bruke bokstaven «N» på den kinesiske nettstaden Weibo, Kina sitt svar på Twitter, skriv CNN.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sundag vart det nemleg kjent at det kinesiske kommunistpartiet vil tillate at ein president og visepresident kan sitje og bestemme livet ut. No er det slik at dei kan bestemme i to periodar, men ikkje meir enn det.

Kina har diktatur

Å sensurere bokstaven «N» er ein del av regjeringa sin plan for å unngå kommentarar frå dei som meiner at det er ein dårleg idé å la nokon sitje med makta så lenge.

Ifølgje Victor Mair, professor i kinesisk språk og litteratur ved Universitetet i Pennsylvania, er det mogeleg at styresmaktene i landet frykta at bokstaven «N» vart brukt til å seie noko negativt om presidenten, skriv CNN.

Allereie måndag kunne kineserane bruke bokstaven att.

Mykje som ikkje er lov

Ole Brumm har også blitt offer for kinesisk sensur. Foto: Filmweb
Ole Brumm har også blitt offer for kinesisk sensur. Foto: Filmweb

I Kina er det umogeleg å bruke Facebook, Twitter og YouTube. Ein roman av George Orwell som heiter «Animal Farm» og orda «Xi Zedong» er også sensurert, ifølgje China Digital Times.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I tillegg vart ei rekkje søkeord sensurert på Weibo. Mellom anna «ueinig», «resten av livet», «udødelegheit», «emigrere» og «skamlaus», skriv Independent.

I fjor sommar vart sjølv Ole Brumm offer. Grunnen er at det kinesiske kommunistpartiet vil hindre bilete og tekst som kan gjera presidenten til latter. President Xi Jinping har nemleg fleire gonger blitt samanlikna med den honningelskande bjørnen.

Les reportasjeserien vår frå Jordbær-republikken Taiwan!

(Denne saka sto opprinneleg i framtida.no)