Partikongressen i Kina er i gang. Dette skal skje dei neste dagane

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kina-ekspert Rebekka Åsnes Sagild forklarer.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Utvalte medlemmar av kommunistpartiet skal velje personar skal bestemme kva slags retning Kina skal bevege seg i dei neste fem åra.

President Xi Jinping sparka kongressen i gang onsdag med ein over 3 timers lang tale. Notatane hans skal ha vore 32.500 kinesiske teikn langt! I følgje Quartz skal tidlegare statsleiar Jiang Zemin ha sovna under Xis tale.

LES OGSÅ: Korleis tekstar du eigentleg på kinesisk?

I motsetning til sei det amerikanske valet, er det lite spenning i samband med kongressen. Mange bruker heller møtet til å spekulere i kva for nokre ord som blir brukt, eller kva farge president Xi Jinping har på slipset sitt.

Høgdepunktet med kongressen er når det er klart kven som er dei nye medlemma av Sentralkomiteen, Politbyrået og den Ståande komité av Politbyrået.

Viss du ikkje har høyrt om desse politiske organa er du ikkje aleine. I tillegg til å vera komplisert er det kinesiske politiske systemet er ganske annleis frå det norske. Difor har Rebekka Åsnes Sagild (25), doktorgrad-stipendiat ved Universitetet i Oslo, forklart kva som eigentlig skal skje i Beijing i dei nærmaste dagane. Sjå filmen øvst i saka!

FÅ OGSÅ MED DEG: Kinesiske verdiar: Elske landet, historien og Partiet