Islandsk fotgjengarfelt går verda rundt

Dette fotgjengarfeltet i Ísafjörður vest på Island får merksemd verda rundt. Foto: Gusti Photographia/Vegamálun GÍH
Dette fotgjengarfeltet i Ísafjörður vest på Island får merksemd verda rundt. Foto: Gusti Photographia/Vegamálun GÍH Foto: Gusti Photographia/Vegamálun GÍH
Artikkelen fortsetter under annonsen

Fotgjengarfelt i 3D tar av på internett.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I tettstaden Ísafjörður, heilt nordvest på Island, er eit heilt spesielt fotgjengarfelt i ferd med å bli verdskjent.

– Mediemerksemda har vore heilt vill, og langt meir enn me trudde. Me var ganske sikre på at nokre islandske medium ville dekka dette, men ikkje over heile verda, seier Gautur Ívar Halldórsson, direktør i det islandske selskapet Vegamálun GÍH til Framtida.no.

LES OGSÅ: Rekordmange turistar til Island

Ifølgje Visir.is er målet med fotgjengarfeltet å få bilane til å setja ned farten for å gjera det tryggare for fotgjengarane. Gautur Ívar Halldórsson fortel at ideen kjem frå India, der ein har måla eit liknande fotgjengarfelt i hovudstaden New Delhi.

Halldórsson tar gjerne fleire oppdrag for å gjera vegane tryggare:

– Det ville vera fint å koma til Noreg og mala slike stiar, seier han til Framtida.no.

FÅ OGSÅ MED DEG: No får islandske jenter lov til å heita Angelína