Bernie Sanders mest populær i USA

Bernie Sanders er likt av 61 prosent av dei spurte i ei ny meiningsmåling.
Bernie Sanders er likt av 61 prosent av dei spurte i ei ny meiningsmåling. Foto: Yuri Gripas / Reuters
Artikkelen fortsetter under annonsen

Fleirtal misliker Donald Trump.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bernie Sanders får støtte frå heile 61 prosent av dei spurte i ei ny meiningsmåling for den konservative nyhendekanalen Fox News.

Senatoren for Demokratane, som tapte for Hillary Clinton i kampen om å bli presidentkandidat, er dermed meir populær enn både Planned Parenthood, Obamacare, Donald Trump og Mike Pence, ifølgje undersøkinga som blei gjennomført 12.-14.mars.

President Trump er den einaste i undersøkinga med eit fleirtal som seier dei har negative meiningar om han. Heile 47 prosent har sterke negative meiningar om han. 6 prosent seier dei har nokre negative meiningar om han.

Visepresident Mike Pence er meir populær enn sjefen sin, med støtte frå 47 prosent av dei spurte.

LES OGSÅ: Trump snakkar som ein 12-åring

Ei anna måling, frå Gallup, gjev Trump endå dårlegare ratingar:

Denne saka vart først publisert på Framtida.no