Meny

Vil kartlegge alt som lever på jorda

Illustrasjonsfoto: Unsplash / John Konrad
Illustrasjonsfoto: Unsplash / John Konrad

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Vil kartlegge alt som lever på jorda

Alle bakteriar, sopp, planter og dyr skal kartleggast i prosjektet kalla Earth BioGenome Project, skriv Science.

Prosjektet og dei førebels resultata vart lagt fram på konferansen BioGenomics2017 i Washington denne veka.

Alt DNAet i ei celle vert kalla eit genom, og målet med prosjektet er å sekvensere genomet til kvar av artane på jorda. Eit genomregister kan gi informasjon om kvar dei ulike dyra, plantene og bakteriane høyrer heime i evolusjonstreet.

Les også: – En masseutryddelse av arter er i gang

Dyr som er i slekt

Jon Thomassen Hestetun (biletet) trur nytten av kartlegginga vil vere svært stor. Han har ein doktorgrad i marinbiologi frå Universitetet i Bergen, og arbeider no i selskapet Fishguard.

SER NYTTEN: Marinbiolog Jon Thomassen Hestetun ser nytten av kartlegginga. Foto: Privat
SER NYTTEN: Marinbiolog Jon Thomassen Hestetun ser nytten av kartlegginga. Foto: Privat

– Genomkartlegging gjer at vi i mykje større grad kan finne slektskap mellom organismar, og dermed følgje den evolusjonære utviklinga av livet på jorda, skriv han i ein epost til Framtida.no

Han trekk fram at forskarane sjølv har sagt at dei vil starte med dei eukaryote organismane (menneske, dyr, planter, sopp og amøbar), medan det store fleirtalet av organismar høyrer til bakteriane.

Les også: Fryktar misbruk av DNA-register

Vil ta lang tid

Hestetun trur at informasjon om genomet vil bli ein viktig del av å identifisere nye artar i framtida, men understrekar at det vil ta lang tid før alle organismane kan inkluderast i prosjektet.

– Vi arbeider framleis med å rett og slett finne og kartlegge livet på jorda, og vil gjere det i mange år framover, seier han.

Hestetun trekk fram at det allereie finst genomdata for ei rekke artar, samt fleire mindre prosjekt for å kartlegge genoma til ulike dyregrupper (slik som for virvellause dyr og fuglar).

– Eg trur det vil vere viktig å samordne desse initiativa, og det verkar som om dette er noko forskarane arbeider med no.

Les også: – Magen på kvalen var fullstappa av plast

Enormt potenisale

Hestetun arbeider mellom anna med å kartlegge mikroorganismane som lev saman med svampar, djupt nede på havbotnen, midt mellom Noreg og Grønland.

– Marinbiologisk liv er meir vanskeleg tilgjengeleg enn landbasert liv, og det er framleis utruleg mykje vi ikkje veit om mangfaldet av liv i havet, seier han.

Genomkartlegginga vil vere eit viktig bidrag til dette arbeidet. Nytten av Earth BioGenome Project er også relevant for forskarar som arbeider med helse og landbruk.

– Dei medisinske og økologiske bruksområda er potensielt enorme, seier Hestetun.

Populært