Meny

Terrorangrepa som har tatt flest liv i 2015

DØDELEGE ANGREP: To sjølvmordsbomber tok 10. oktober livet av 102 menneske i ein fredsmarsj i Ankara i Tyrkia. 508 menneske blei såra. IS har tatt på seg skulda. Foto: Emrah Gurel / Ap / NTB scanpix
DØDELEGE ANGREP: To sjølvmordsbomber tok 10. oktober livet av 102 menneske i ein fredsmarsj i Ankara i Tyrkia. 508 menneske blei såra. IS har tatt på seg skulda. Foto: Emrah Gurel / Ap / NTB scanpix

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Angrepet på Paris er det verste i Europa på over 10 år. Men fleire angrep elles i verda er verre – i år.

Terrorangrepet på Paris har så langt teke 129 liv. I tillegg døydde åtte terroristar som sprengde seg sjølv.

Det er det dødelegaste terrorangrepet i Europa sidan 2004. Då kosta bombinga av fire tog i Madrid 191 menneske livet. Seinare same året mista 372 livet i samband med gisseltakinga på ein skule i Beslan i Nord-Ossetia.

Elles i verda, er det fleire terrorangrep som er større i år. Den islamske staten (IS) og Boko Haram står bak angrepa som har tatt flest liv.

Les også: Muslimsk ordfører: – Vi må ødelegge IS fullstendig

Her er terroråtaka som har tatt fleire enn 100 liv i år:

3.-7. januar: Boko Haram opnar eld mot landsbyar nord i Nigeria. Ein fryktar at kring 2000 mista livet.

20. mars: Fem sjølvmordsaksjonar frå IS mot sjiamoskeane Badr og al-Hashoosh i Sana'a i Jemen. 137 drepne og 345 skadde.

1. april: Minst 147 menneske blir drepne etter at minst seks væpna menn frå Al-Shabaab skyt rundt seg på Garissa University i Kenya. 79 menneske blir såra.

25. juni: IS-krigarar utløyser tre bilbomber i den syriske byen Kobanî, på grensa til Tyrkia. 146 menneske blir drepne.

1.-2. juli: Boko Haram går til angrep på fleire moskear i Kukawa i Nigeria, og drep 145 menneske.

17. juli: Ei bilbombe i den irakiske byen Khan Bani Saad tar livet av mellom 100 og 180 menneske under feiringa av Eid al-Fitr. 170 menneske blir skadd. IS har tatt på seg ansvaret for bomba.

20. september: Fleire heimelaga bomber frå Boko Haram tar livet av 145 menneske i Maiduguri i Nigeria. Minst 90 blir skadde.

10. oktober: To sjølvmordsbomber tar livet av 102 menneske i ein fredsmarsj i Ankara i Tyrkia. 508 menneske blir såra. IS har tatt på seg skulda.

IS har elles tatt på seg skulda for flystyrten over Sinai-halvøya som tok livet av 224 menneske 31. oktober. Det er enno ikkje stadfesta årsaka til ulukka, men ei bombe på flyet er ein av fleire teoriar som blir etterforska.

Les også: Vestlendingar drepne i heilag krig

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus